Universität Hamburg og Institutt for politikk og forvaltning (ERASMUS+)
- LandTyskland
- ByHamburg
- Studieplassar2
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Studentar ved Institutt for politikk og forvaltning, Institutt for samanliknande politikk og Sosiologisk institutt kan søkja på denne avtalen. Søkar må ha avlaga minst 60 studiepoeng ved utreise.
Når i studiet kan eg reise
På bachelorprogram er det tilrådd å reise på utveksling i 4. og/eller 5. semester når ein har frie studiepoeng. Masterstudentar kan normalt reise på utveksling i 2. semester. Grunna semesterinndelinga er det berre mogeleg å reisa på vårsemesteret (april til juli).
Språk
Undervisningsspråket er tysk og engelsk. Institusjonen anbefaler at du har språkkunnskapar tilsvarande B2-nivå i undervisningsspråka.
Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentari komande semester.
Kva emne kan eg ta
Avtalen er med Faculty of Business, Economics and Social Sciences. På denne nettsida finn du emneutvalet ved fakultetet. Avtalen passer for masterstudenter som reiser på vårsemesteret. Her finner du emner på masternivå.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Universität Hamburg er eit ungt, men stort universitet. Det blei grunnlagt i 1919 og har i dag rundt 45 000 studentar fordelte på åtte fakultet. Det er eit typisk byuniversitet med 150 forskjellige bygningar spreidd ut over heile byen. Den største campusen er Von-Melle-Par, i bydelen Eimsbüttel.
Hamburg er Tyskland sin nest største by og viktigaste hamneby. Hamburg sentrum er bygd rundt dei to innsjøane Binnenalster og Aussenalster, noko som gir byen eit ope og triveleg preg. I kraft av å vere ein urban by med to millionar menneske, har Hamburg eit svært godt kulturtilbod, til alle døgnets tider. Kostnadsnivået i Hamburg er relativt høgt.
Bustad
Studentbustadane i Hamburg er drifta av den lokale studentsamskipnaden. Ein kan søke om plass der samtidig som ein søker om studieopptak. Det kan vere stort press på den private bustadmarknaden rundt semesterstart, så den som ønsker å leige privat bør vere ute i god tid.
Semesterinndeling
Oktober - mars og april - august.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.uni-hamburg.de/
- Korleis søkeRettleiing om søknadsprosess
- Kode9847
- FagnavnStatsvitskap