Hjem

Utdanning

erasmus+

Westfälische Wilhelms-Universität Münster og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByMünster
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

I Master i rettsvitskap-studiet kan du reise på utveksling på femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår. Du kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "kven kan søke" finn du informasjon om korvidt du må vere ferdig med fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket er tysk. Nokre emne har undervisning på engelsk, men tilbodet er ikkje stort nok til å fylle eit heilt semester kun med emne som har undervisning på engelsk. Universitetet har tilbod om tyskkurs for utvekslingsstudentar. Dette finn du opplysningar om på denne nettsida.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Opplysningar om rettsvitskaplege emne finn du på denne nettsida.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Universitetet nyttar ikkje ECTS-systemet der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng. Derfor må du rekne om frå lokale studiepoeng til ECTS-credits etter instruks frå vertsuniversitetet.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Westfälische Wilhelms-Universität Münster er eit stort statleg breiddeuniversitet, med rundt 45 000 studentar og eit stort fagtilbod fordelt på 15 fakultet. Universitetet sine bygningar ligg over heile byen, og administrasjonen held hus på slottet i Münster.

Münster er ein mellomstor tysk by med om lag 280 000 innbyggarar som ligg i Nordhrein-Westfalen, vest i Tyskland. Byen er kjend for sin høge levestandard. Han har mykje grøntareal og blir rekna for å vere Tysklands fremste sykkelby.

Bustad

Universitetet har eigne studentbustader for internasjonale studentar. Dei fleste andre studentheimane i Müster er drifta av den lokale studentsamskipnaden. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - juli/august.

Informasjon