Hjem
Utdanning
erasmus+

Westfälische Wilhelms-Universität Münster og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+ - Languages)

  • LandTyskland
  • ByMünster
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på eit av bachelorprogramma ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) og andre studentar som ønsker å ta språklege emne når dei er på utveksling.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelorprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling. Studentar på bachelorprogramma ved LLE blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn det er plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar ved LLE: Det passar best å reise på utveksling i fjerde, femte eller sjette semester av bachelorgraden. Det tilrådast å ta emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivå enn på 100-nivå.

Studentar på andre studieprogram: Ta kontakt med studierettleiaren din. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er i hovudsak tysk. Det finst òg eit avgrensa tal engelskspråklege emne.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst for innreisande studentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Språkfag.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta emne som skal inngå i spesialiseringa i graden din ved UiB, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande spesialiseringsemne ved UiB. Det er lettast å finne emne som kan innpassast på 200-nivå. Ver merksam på, at dersom du skal ta emne på 200-nivå på utveksling, må du finne emne som har semesteroppgåve eller tilsvarande vurderingsform på (til saman) minimum 10 studiepoeng.

Dersom du skal ta emne som frie studiepoeng i ein bachelorgrad, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Westfälische Wilhelms-Universität Münster er eit stort statleg breiddeuniversitet, med rundt 45 000 studentar og eit stort fagtilbod fordelt på 15 fakultet. Universitetet sine bygningar ligg over heile byen, og administrasjonen held hus på slottet i Münster.

Münster er ein mellomstor tysk by med om lag 280 000 innbyggarar som ligg i Nordhrein-Westfalen, vest i Tyskland. Byen er kjend for sin høge levestandard. Han har mykje grøntareal og blir rekna for å vere Tysklands fremste sykkelby.

Bustad

Universitetet har eigne studentbustader for internasjonale studentar. Dei fleste andre studentheimane i Müster er drifta av den lokale studentsamskipnaden. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - juli/august.

Bymiljø
Foto:
© Westfälische Wilhelms-Universität Münster

Informasjon