Hjem
Studentsider
erasmus+

Universität Münster og Det psykologiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByMünster
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Profesjonsstudentar i psykologi, og studentar på eit bachelor eller masterprogram i psykologi ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Grunna ulike semester ved UiB og Münster Universitet er det ikkje mogleg å utveksle hit i haustsemesteret med mindre du kan utveksle eit heilt studieår.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor og masterstudentar reiser ut i den valfrie delen av sitt studieprogram, og profesjonsstudentar i psykologi kan reise ut i sitt 7. semester.

God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisningsspråket er tysk og engelsk.

Språkkrav: B1

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst for innreisande studentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Psykologi på lågare og høgare grad (BA/MA/PHD), avhengig av tilbod og krav om forkunnskap.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Du skal ta frie studiepoeng, og kan velje emne fritt på masternivå innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Dersom du er profesjonsstudent i psykologi og vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande dei obligatoriske emna på 7. semester av profesjonsstudiet. Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med internasjonal koordinator ved fakultetet.

Emnetilbodet ved dette universitetet er presentert her:

agnes.hu-berlin.de/lupo/rds?state=wtree&search=1&category=veranstaltung.browse&navigationPosition=functions,lectureindex&breadcrumb=lectureindex&topitem=locallinks&subitem=lectureindex

Dersom du er profesjonsstudent i psykologi og vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande dei obligatoriske emna på 7. semester av profesjonsstudiet. Du kan òg ta valfrie studiepoeng ved dette universitetet i ditt valsemester (5. semester) . Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med internasjonal koordinator ved fakultetet.

Emnetilbodet ved dette universitetet er presentert her:

Humboldt-Universität zu Berlin - Course Catalogue

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Westfälische Wilhelms-Universität Münster er eit stort statleg breiddeuniversitet, med rundt 45 000 studentar og eit stort fagtilbod fordelt på 15 fakultet. Universitetet sine bygningar ligg over heile byen, og administrasjonen held hus på slottet i Münster.

Münster er ein mellomstor tysk by med om lag 280 000 innbyggarar som ligg i Nordhrein-Westfalen, vest i Tyskland. Byen er kjend for sin høge levestandard. Han har mykje grøntareal og blir rekna for å vere Tysklands fremste sykkelby.

Bustad

Universitetet har eigne studentbustader for internasjonale studentar. Dei fleste andre studentheimane i Müster er drifta av den lokale studentsamskipnaden. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - juli/august.

Informasjon