Hjem
Utdanning
erasmus+

Universität Rostock og Institutt for fremmedspråk (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByRostock
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på bachelorprogrammet i tysk, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor tysk språk, litteratur og kultur. Det er krav om at du må ha bestått eksamenar tilsvarande minst 60 studiepoeng før avreise. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelorprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling.

Studentar på bachelorprogram i tysk blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i tysk: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei fire siste semestera av bachelorprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket er tysk.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst for komande semester.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Rostock er eit tradisjonsrikt universitet med meir enn 600 års historie bak seg. Det har ni ordinære fakultet, samt eit eige fakultet for tverrfaglege studieløp. Studenttalet ligg rundt 15 000. Universitetet fokuserer på forsking knytt til dei fire temaområda «Liv, lys og materie», «Maritime system», «Alderdomsforsking» og «Kunnskap - Kultur - Forandring». Campusområdet ligg nærme byen.

Rostock er ein kystby i delstaten Mecklenburg-Vorpommern, som ligg heilt lengst nord i Tyskland. Han har rundt 200 000 innbyggarar. Den mest idylliske delen av byen er kystlinja, som heiter Warnemünde. Rostock er ein gamal hansaby og venskapsby med Bergen.

Bustad

Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden om å tilby bustad for Erasmus-studentar. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Regensburg.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Flott bygning
Photo:
© Universität Rostock

Informasjon