Hjem
Utdanning
erasmus+

Universität Rostock og Institutt for biovitenskap (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByRostock
  • Studieplassar1
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Når i studiet kan eg reise

I semester med valemne.

Språk

Undervsningsspråket er tysk.

Kva emne kan eg ta

Vi anbefaler at du tar valemne ved Universitetet i Rostock.

Universitetet i Rostock har eit breitt utval av emne der dei aller fleste skal kunne finne noko av interesse. Sjå meir på følgande nettside; http://www.uni-rostock.de/en/study/courses-of-study/

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Rostock er eit tradisjonsrikt universitet med meir enn 600 års historie bak seg. Det har ni ordinære fakultet, samt eit eige fakultet for tverrfaglege studieløp. Studenttalet ligg rundt 15 000. Universitetet fokuserer på forsking knytt til dei fire temaområda «Liv, lys og materie», «Maritime system», «Alderdomsforsking» og «Kunnskap - Kultur - Forandring». Campusområdet ligg nærme byen.

Rostock er ein kystby i delstaten Mecklenburg-Vorpommern, som ligg heilt lengst nord i Tyskland. Han har rundt 200 000 innbyggarar. Den mest idylliske delen av byen er kystlinja, som heiter Warnemünde. Rostock er ein gamal hansaby og venskapsby med Bergen.

Bustad

Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden om å tilby bustad for Erasmus-studentar. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Regensburg.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Flott bygning
Foto:
© Universität Rostock

Informasjon