Hjem
Utdanning
erasmus+

Universität Trier og Institutt for geografi (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByTrier
  • Studieplassar2
  • StudienivåMaster og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen gjeld for masterstudentar i geografi.

Når i studiet kan eg reise

Masterstudentar i geografi som ønsker å reise på utveksling må legge eit eventuelt utvekslingsopphald til 2. semester og finne emne som kan godskrivast som erstatning for spesifikke emne i kursdelen av mastergraden ved UiB.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er tysk og engelsk.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Denne avtalen gjeld for masterstudentar i geografi. Fakultetet for geografi og geovitenskap ved Universität Trier har 18 avdelingar. Dei har masterprogram med tysk som undervisningsspråk i

  • Applied Human Geography
  • Geoinformatics
  • Process Dynamics on the Earth's Surface
  • Environmental Biosciences with 2 different interdisciplinary specialisations:
    • Biodiversity and Ecology
    • Environmental- und Immunotoxicology

I tillegg har dei eitt reint engelskspråkleg masterprogram:

  • Environmental Sciences with 3 different interdisciplinary specialisations:
    • Environmental Monitoring and Pollution Assessment
    • Environmental Remote Sensing and Modelling
    • Environmental Conservation and Restoration Management

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen i 2. semester av masteprogrammet ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Trier er eit offentleg universitet med rundt 15 000 studentar. Det har seks fakultet og eit breitt fagtilbod, der særleg humanistiske fag er vektlagt. Universitetet blei opphaveleg grunnlagt i 1473, men hadde ein 172 år lang dvale mellom 1798 og 1970. Ved nyopninga fekk universitetet ein ny campus på Tarforsthøgda, like i utkanten av sentrum.

Trier er Tysklands eldste by og har knapt 106 000 innbyggarar. Han ligg omtrent så langt vest som det er mogleg å kome i Tyskland, på grensa mot Luxemburg, i Rheinland-Pfalz. Trier er Karl Marx sin fødeby, og studentforeininga i Trier omtalar gjerne universitetet som Karl-Marx Universität.

Bustad

Det finst mange studentbustader i Trier, og dei fleste ligg på campusområdet til universitetet. Dei fleste er drifta av studentsamskipnaden Studentenwerk. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - juli.

Grøntområde
Foto/ill.:
© Universität Trier

Informasjon