Hjem
Utdanning
erasmus+

Universität Trier og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByTrier
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap, og som på tidspunktet for utreise har fullført alle emna i studieplanen til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

I Master i rettsvitskap-studiet kan du reise på utveksling på femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår. Du kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" finn du informasjon om korvidt du må vere ferdig med fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket er tysk.

Universitetet har tilbod om tyskkurs. Du finn opplysningar om tilbodet om tyskkurs på nettsida Deutsch als Fremdsprache.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Opplysningar om emne som Erasmus-studentar kan velge ved Det juridiske fakultet, finn du på denne nettsida til Internasjonalt kontor.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

For Erasmus-studentart vert ECTS-systemet nytta ved vertsuniversitetet. Ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Trier er eit offentleg universitet med rundt 15 000 studentar. Det har seks fakultet og eit breitt fagtilbod, der særleg humanistiske fag er vektlagt. Universitetet blei opphaveleg grunnlagt i 1473, men hadde ein 172 år lang dvale mellom 1798 og 1970. Ved nyopninga fekk universitetet ein ny campus på Tarforsthøgda, like i utkanten av sentrum.

Trier er Tysklands eldste by og har knapt 106 000 innbyggarar. Han ligg omtrent så langt vest som det er mogleg å kome i Tyskland, på grensa mot Luxemburg, i Rheinland-Pfalz. Trier er Karl Marx sin fødeby, og studentforeininga i Trier omtalar gjerne universitetet som Karl-Marx Universität.

Bustad

Det finst mange studentbustader i Trier, og dei fleste ligg på campusområdet til universitetet. Dei fleste er drifta av studentsamskipnaden Studentenwerk. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - juli.

Informasjon