Hjem
Studentsider
erasmus+

Universität Trier og Det psykologiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByTrier
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen gjeld for profesjonsstudentar i psykologi, og studentar som går på eit bachelorprogram ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Grunna ulike semester ved UiB og Universitetet i Trier er det ikkje mogleg å utveksle hit i haustsemesteret med mindre du kan utveksle eit heilt studieår.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i psykologi reiser ut i den valfrie delen av studieprogrammet dei går på. Profesjonsstudentar i psykologi kan reise ut i sitt 5. valsemester og i sitt 7. semester.

God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisningsspråket er tysk.

Språkkrav: B2

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise - sjå UiB.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffa språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Profesjonsstudentar i psykologi og psykologi på lågare grad (BA).

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Dersom du er profesjonsstudent i psykologi og vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande dei obligatoriske emna på 7. semester av profesjonsstudiet ved UiB. Du kan òg reise ut i ditt valsemester (5. semester) og ta valfrie emne. Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med internasjonal koordinator ved fakultetet.

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Trier er eit offentleg universitet med rundt 15 000 studentar. Det har seks fakultet og eit breitt fagtilbod, der særleg humanistiske fag er vektlagt. Universitetet blei opphaveleg grunnlagt i 1473, men hadde ein 172 år lang dvale mellom 1798 og 1970. Ved nyopninga fekk universitetet ein ny campus på Tarforsthøgda, like i utkanten av sentrum.

Trier er Tysklands eldste by og har knapt 106 000 innbyggarar. Han ligg omtrent så langt vest som det er mogleg å kome i Tyskland, på grensa mot Luxemburg, i Rheinland-Pfalz. Trier er Karl Marx sin fødeby, og studentforeininga i Trier omtalar gjerne universitetet som Karl-Marx Universität.

Bustad

Det finst mange studentbustader i Trier, og dei fleste ligg på campusområdet til universitetet. Dei fleste er drifta av studentsamskipnaden Studentenwerk. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - juli.

Grøntområde
Foto/ill.:
© Universität Trier

Informasjon