Hjem
Studentsider
erasmus+

Roskilde Universitet og Det samfunnsvitenskapelige fakultet (ERASMUS+)

  • LandDanmark
  • ByRoskilde
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Det samfunnsvitskaplege fakultet har fortrinn på å reise ut gjennom denne avtalen. Søkarar frå andre fagområde kan vurderast dersom det er ledige plassar. Det er krav om at du må ha tatt minst 60 studiepoeng ved utreise. Det er mogeleg å søke for eit semester eller eit heilt år.

Når i studiet kan eg reise

Normalt passar det best å reise på utveksling for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester av studiet. Sjå fakultetet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er dansk og engelsk. Universitetet anbefaler at studentar har forkunnskapar tilsvarande B2-nivå (CEFR) i minst eitt av desse språka.

Normalt vil det vere uproblematisk å nytte norsk som skriftleg arbeidsspråk når ein er på utveksling i Skandinavia. Ver likevel merksam på at det ved somme lærestader kan vere naudsynt å søke om særskilt løyve for å levere eksamen på norsk.

Kva emne kan eg ta

Institut for Samfund og Globalisering (ISG) tilbyr ei rekke emne innanfor blant anna politikk og administrasjon, globale studium, internasjonal politikk, utviklingsstudiar og sosialkunnskap. På denne nettsida finn du ei fullstendig oversikt over emnetilbodet ved universitetet.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Kvart emne utgjer mellom 5-10 ECTS.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Roskilde Universitet blir vanlegvis omtalt med akronymet RUC, som heng att frå det opphavelege namnet Roskilde Universitetscenter frå 1972. Det har lang tradisjon for det som den gongen var alternative arbeidsformer innan høgare utdanning, som studentstyrt læring, fokus på tverrfagleg samarbeid og casebaserte prosjektarbeid. Universitetet har 9500 studentar og ein samla campus.

Roskilde ligg på Sjælland, ein halvtimes togtur unna København. På 1000-talet var Roskilde hovudsete for den danske kyrkja, og fram til 1443 var Roskilde hovudstad og den viktigaste handelsstaden i Danmark. I dag er byen best kjend for den store musikkfestivalen som blir arrangert her i juli kvart år.

Bustad

Universitetet administrerer eit avgrensa tal bustader som er øyremerkt for internasjonale studentar. Det er elles relativt vanleg blant studentar ved RUC å pendle til København.

Semesterinndeling

August - januar og februar - juni.

Studentrapportar

2018

2018 HAUST BASV-MEVI

2018 HAUST BASV-MEVI

15.08.2018 - 31.12.2018

Førebuingar/praktiske tips

Med tanke på at eg berre reiste til nabolandet, Danmark, var det ikkje så veldig mykje å førbu seg til eit eventuelt kultursjokk for å sei det sånn. Likevel er det lurt å vere ute i god tid med å søke og å få informasjon om det er mogleg å få seg buplass gjennom skulen, slik eg fekk. Det er som regel eit utval av ledige rom og førstemann til mølla. Det er også lurt å etablere tidleg ein dialog med skulen du vil reise på for å få mest mogleg informasjon så du er godt forberedt. Still alle slag moglege spørsmål, ingen spørsmål er dumme.

Undervisningsformer

På Roskilde Universitet opererer dei etter 50% forelesningar og 50% prosjektarbeid. Gjennom semesteret går du på forelesningar som er likt som på UiB, men gjennom kvart semester skal du også skrive eit prosjektarbeid i gruppe som til slutt skal vere ein munnleg eksamen. Prosjektarbeidet er ei god øving til ein eventuell framtidig jobb som forskar då du ofte må drive med research og ulike analysemetodar.

Vurdering av emnetilbodet

Ettersom eg er norsk og forstår på eit moderat nivå dansk, så kunne eg valt å ta danske fag, men Roskilde Universitet tilbyr også fag på engelsk, noko eg valde. Det var ikkje det største utvalet av fag då, men å studere Cultural Encounters er ikkje så gale.

Fagleg utbyte og språk

Det eg fekk mest ut av fagleg her var prosjektarbeidet. Det var her eg kjende eg verkeleg lærde noko og som eg kan ta med meg vidare. Språket var på engelsk og gjekk heilt fint.

Universitetsområdet og byen

Universitetsområdet er sånn passe stort, men det er veldig fint. Eg budde på campus og hadde kort veg til skulen, biblioteket, studentbar, matbutikk og treningssenter (eit veldig lite rom). Roskilde er ein veldig fin by og ikkje så stor. København er berre ein kort togtur på 20 minuttar vekke.

Bustad

For å berre bu her eit semester var bustaden heilt grei. Der eg budde, Korallen, hadde eg eit eige bad samt eit lite kjøkkensett der eg kunne lage meg mat på rommet. Elles var det mange felleskjøkken eg også kunne nytte. Rommet var ganske lite og det var ein del ting på rommet som var ødelagt. Eg betalte rundt 5500 NOK i leiga. Syns det var heilt greitt å bu der.

Sosialt miljø

I starten av semesteret deltok eg på noko som heiter "Foundation Course", der me blei kjend med felles utvekslingsstudentar, men me blei ikkje integrert med dei danske studentane noko eg kunne ha ønskt. Likevel er det sosiale miljøet veldig bra på Roskilde Universitet, ølen på studentbaren er meget billig så det var ikkje vanskelig å få ein gjeng til å møtes. På Korallen var det også festar av og til.

Flott bygning
Foto/ill.:
© Roskilde Universitet

Informasjon