Hjem
Studentsider
erasmus+

Universidad de Cantabria og Institutt for fysikk og teknologi (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • BySantander
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar på bachelor- og masterprogramma i fysikk. I tillegg kan lektorstudentar som har fysikk som eit av sine fag reise ut på denne avtalen. Andre studentar ved Det matematisk-naturvitnskaplege fakultet kan søke dersom dei har tilfredsstillande fagbakgrunn for emna dei skal ta, men desse vert prioritert etter fysikkstudentane.

Ein må ha tatt 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i fysikk er det lagt til rette for å reise på utveksling i sjette semester.

Språk

Undervisningsspråket er spansk.

Dersom du ikkje har gode nok spanskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg før utreise. Sjå http://www.uib.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Skal du ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen. Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden.

Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universidad de Cantabria blei grunnlagt gjennom ei samanslåing av fleire tidlegare uavhengige skular i 1972. Det er eit offentleg breiddeuniversitetet med om lag 14 500 studentar fordelte på 15 fakultet. Universitetet har satsar særskilt på dei seks områda «vatn og energi», «biomedisin og bioteknologi», «bank, finans og næringslivstenester», «kulturarv og språk», «teknologi og fysikk» og «matematikk». Geografisk fordeler institusjonen seg på tre campusar som ligg i byane Santander, Torralavega og Comillas.

Den autonome regionen Cantabria ligg vednordkysten av Spania, med grense til Baskerland i vest og Castilla y León i aust. Santander er regionshovudstaden. Regionen har samla sett 580 000 innbyggarar og er blant anna kjend som den rikaste regionen i verda for arkeologiske funn frå paleolittisk tid.

Bustad

Universitetet hjelper internasjonale studentar med å finne bustad. Dei fleste av romma inngår enten i studentbustadkompleks eller i kollektiv med andre studentar.

Semesterinndeling

September - februar og februar - juni.

Informasjon