Hjem
Utdanning
bilateral

Keimyung University og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandSør-Korea
  • ByTaegu
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen er open for alle UiB-studentar.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/ fakultetet du studerer ved for informasjon om utveksling, og når det passar best å reise ut i ditt studieprogram.

Språk

I tillegg til fleire enkeltemne på engelsk tilbyr universitetet eit årskurs i Korean Studies for internasjonale studentar. Norske studentar slepp som regel å ta engelske språktestar.

Kva emne kan eg ta

De fleste internasjonale studentar følger det engelskspråklige programmet Korean Studies. Dette er eit eittårig program som tek sikte på å gi ei innføring i koreansk språk, kultur, historie, politikk og økonomi. Sjølv om dette studieprogrammet hovudsakleg trekker til seg utanlandske studentar, blir det også anbefalt for lokale studentar innanfor ulike studieretningar.

Studieavgift

Studentar frå samarbeidsuniversitet må vanlegvis ikkje betale studieavgift.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Keimyung University (KU) blei oppretta i 1954 og ligg i byen Daegu. Universitetet har i dag rundt 25 000 studentar, som er fordelte på i alt 20 fakultet. KU har tre forskjellige campusar. Den klart største av desse er Sungsuh Campus, som ligg vest for byen. Mesteparten av universitetet si verksemd er der.

Daegu ligg i det vestlege Sør-Korea, om lag 80 kilometer frå Østhavet, eller Japanhavet som det også heter i noen land. Med sine 2,5 millionar innbyggarar er byen den fjerde største i landet. Daegu har tradisjonelt vore knutepunktet for dei industrielle områda i regionen, men orienterer seg no meir mot høgteknologi.

Bustad

Universitetet har studentbustadar det går an å søke på.

Semesterinndeling

September - desember og mars - juni.

Informasjon