Hjem
Utdanning
bilateral

University of New Brunswick og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandCanada
  • ByFredericton
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Både bachelor- og mastergradsstudentar kan søke på denne avtalen. UNB stiller krav om karaktersnitt B.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiar ved ditt institutt/fakultet for informasjon om dette.

Språk

Undervisninga føregår på engelsk. Du må kunne dokumentere karakteren 4 eller høgare i engelsk frå vidaregåande skule for å bli fritatt kravet om engelsktest.

Kva emne kan eg ta

Utveksling er mogleg innen alle fag ved UNB.

Oversikt over fag på bachelornivå finn du her: http://www.unb.ca/academics/calendars.html

Oversikt over fag på masternivå finn du her: https://eservices.unb.ca/calendar/graduate/

Studieavgift

UiB disponerer inntil 5 friplassar i året, men dette er avhengig av kor mange "gratisstudentar" UNB kan ta imot til kvar ein tid. I tillegg kan ein reise som betalande student.

UiB har 1 friplass i studieåret 2019/120.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of New Brunswick (UNB) har to campusar, i Fredericton og i Saint John. Begge byane er relativt små. I den pittoreske byen Fredericton er det omlag 8 000 fulltidsstudentar, mens det i Saint John er rundt 2 000. Studentane kan dra nytte av små klassar og individuell oppfølging frå førelesarane. Det er om lag 550 internasjonale studentar frå meir enn 70 land ved universitetet. University of New Brunswick (UNB) er eit mindre universitet som kan tilby studentane god individuell oppfylging.

Bustad

Det er mogleg å søke om studentbustad på campus. Viss du ønsker å bu utanfor campus, kan UNB Student Union hjelpe deg med å finne bustad.

Semesterinndeling

Det akademiske året ved UNB er inndelt i to semester. Haustsemesteret varer frå september til desember, og vårsemesterer varer frå januar til april.

Informasjon