Hjem
Utdanning
bilateral

Hokkaido University of Education og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandJapan
  • BySapporo-shi
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen er først og fremst meint for studentar som studerer japansk.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/fakultetet du høyrer til for råd og informasjon om dette.

Språk

Du bør kunne japansk relativt godt for å få opptak ved HUE då all undervisning føregår på japansk.

Kva emne kan eg ta

HUE tilbyr det eittårige programmet Japanese Language and Culture Program for internasjonale studentar som kan følge forelesingar på japansk. Første semester er eit intensivt språkprogram der studentane blir plasserte i ulike klassar ut frå resultatet på ein språktest. Andre semester tar ein såkalla «Academic Major Courses» som er fordjupingskurs.

Studentar som reiser på utveksling for eit heilt akademisk år tilbringer ofte semestera på to ulike campus. Som oftast er studentane i Sapporo første semester for deretter å bli flytta til ein annan campus i andre semester. Dei ulike campusane tilbyr ulike emne, og studentar som vel Japanese Language and Culture Research Course som fordjupingskurs vil ta dette på Hakodate.

Ver merksam på at fyrsteårskurs normalt ikkje kan godkjennast. Eit fulltidsstudium ved dette universitetet utgjer 16 lokale credits per semester.

Studieavgift

UiB har ein utvekslingsavtale med HUE som inneber at vi kan få friplassar (plassar utan skulepengar) hjå dei, så sant dei óg sender studentar til oss.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Hokkaido University of Education (HUES) er eit offentleg universitet som blei grunnlagt i 1949. Universitetet har om lag 6 000 studentar og har i hovudsak studietilbod innanfor pedagogikk og lærarutdanningar, men har også eit godt tilbod til utvekslingsstudentar som ønsker å fordjupe seg i japansk språk og kultur. HUES har fem campusar. Hovudcampusen ligg i utkanten av Sapporo, på øya Hokkaido. Trass i at dette er den største campusen, har han berre litt over 1 000 studentar.

Hokkaido er den nordlegaste og nest største av Japan sine fire hovudøyer. Sapporo er den administrative hovudstaden på øya og er med sine 1,6 millionar innbyggarar den femte største byen i Japan. Byen er kjent for sitt yrande kulturliv og den internasjonale snøfestivalen som blir halde her kvart år i februar.

Bustad

Utvekslingsstudentar får tilbod om studentbustad gjennom universitetet.

Semesterinndeling

Semestera følger det japanske studieåret. Studieåret startar i april, og vårsemesteret går frå april til august, medan haustsemesteret går frå september til februar.

Informasjon