Hjem
Utdanning
erasmus+

Università degli Studi di Bari Aldo Moro og Matematisk institutt (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByBari
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Berre bachelorstudentar kan reise ut på denne avtalen. Studentar ved Matematisk institutt og lektorstudentar med matematikk som fag blir prioritert dersom det er fleire søkarar enn plassar.

Det er normalt eit krav om C i gjennomsnittskarakter.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar passar det best å reise på utveksling i løpet av 4., 5. og 6. semester av studiet.

Lektorstudentar: Ta kontakt med studierettleiaren din for informasjon og råd om utveksling. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng. Lektorstudentar på må ta emne på bachelornivå.

Språk

Undervisningsspråket er italiensk, og det krevst gode språkkunnskapar i italiensk.

Informasjon om språkkunnskapar og -krav finn du på universitetet si heimeside: http://www.uniba.it/english-version/students/international-students/international-students

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for meir informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst, og eventuelt kva startdatoar som gjeld i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Sjå informasjon om emnetilbodet ved universitetet her:
http://www.uniba.it/english-version/Education/Courses

Matematisk institutt tilrår at studentar diskuterer emneval med studiekonsulent, rettleiaren for programmet dei går på, eller annan vitskapleg tilsett i samband med planlegginga av utvekslingsopphald.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Università Degli Studi Di Bari Aldo Moro er eit av Italias største breiddeuniversitet med 60 000 studentar og 13 fakultet. Det er kalla opp etter den tidlegare statsministaren Aldo Moro, som blei ført vekk og drepen av ei marxist-leninistisk rørsle i 1978. Han er blant dei mest kjende studentane og professorane universitetet har hatt. Universitetet sine bygningar ligg spreidd ulike stader i Bari.

Bari er ein hamneby i Sør-Italia, kjend som byen til den katolske helgenen St. Nikolas. På ei halvøy i nord ligg gamlebyen, med slott, basilika og domkyrkje. I sør ligg eit meir moderne bysentrum, med promenade langs sjøen og shoppingsentre. Byen har ein stor fotballstadion, kjend frå Europacup-finalen i 1991. Både Erik Huseklepp og den tidlegare Italia-proffen Per Bredesen har spela for lokallaget AS Bari.

Bustad

Universitetet har eigne studentbustader for utvekslingsstudentar i Bari. Det finst både enkle, doble og triple rom. Universitetet er òg hjelpsame overfor studentar som ønskjer å finne bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Informasjon