Hjem
Utdanning
bilateral

Universidad Mayor de San Andrés, La Paz og Institutt for sosialantropologi (BILATERAL)

  • LandBolivia
  • ByLa Paz
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gir prioritet til studentar i utviklingsstudiar, som obligatorisk utvekslingsopphold som del av bachelorgraden og studentar i sosialantropologi som tek frie studiepoeng som del av bachelorgraden.

Avtalen kan nyttast av alle bachelorstudentar ved UiB.

Studentar skal ha tatt 60 studiepoeng ved UiB før avreise og det er krav om karakteren C i snitt.

Når i studiet kan eg reise

Innanfor studieprogrammet anbefalast studentane å reise ut i 3. eller 5. semester.

Språk

Engelsk og spansk.

Det blir sterkt tilrådd at studentar som ikkje har spesiell kompetanse i spansk følger eit spanskkurs i ein månad før ordinær studiestart, sjølv for dei som berre følgjer engelskspråkleg undervisning.

UMSA legg til rette for kurset, som startar 1. august og varer t.o.m. 1. september, dvs. kurset blir avslutta dagen før ordinær studiestart. Statens lånekasse gir eit eige stipend til dette kurset.

Kva emne kan eg ta

Studentane skal ta følgende emne:

· Cultural encounters and dis-encounters: La Paz and El Alto cities

· Ethnicity and State in Bolivia

· Guided visits: a field experience

· 'Vivir bien' and 'Madre Tierra' : beyond development. Analysis and perspectives

· Political ecology and development

Hovudfokus er på natur- og ressursforvaltning. I alle kursa er ekskursjon ein del av undervisingsopplegget, noko som gjer kursa spesielt eigna som studium i siste året av bachelorutdanninga i sosialantropologi/utviklingsstudiar, om ein ønsker å planlegge eit mastergradsprosjekt parallelt.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universidad Mayor de San Andrés (UMSA) blei etablert allereie i 1830 og er det største universitetet i Bolivia med rundt . Universitetet har solid internasjonal forsking og forskingssamarbeid med fleire skandinaviske forskingsinstitusjonar, blant anna Universitetet i Bergen.

La Paz er hovudstaden i Bolivia og har, saman med El Alto, rundt 1,6 millionar innbyggarar. Han ligg i høglandet, sirka 3 600 moh og er verdas høgasttliggande hovudstad. Byen blei grunnlagt i 15 48. Han er i stadig ekspansjon og utvidar seg i alle retningar, og reflekterer Bolivias multietniske karakter, med representantar frå alle landets folkegrupper. Bolivia og Guatemala er dei einaste landa i Latin-Amerika der urfolket utgjer over halvparten av innbyggarane.

Bustad

UMSA hjelper studentar som ønsker det med å finne bustad.

Semesterinndeling

Haustsemesteret varer frå september - november/ desember. Studentar som skal ta språkkurs før semesterstart bør planlegge ankomst til La Paz seinast i slutten av august.

Oversikt over byen
Foto:
© Universidad Mayor de San Andrés

Informasjon