Hjem

Utdanning

erasmus+

University of Wroclaw og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandPolen
  • ByWroclaw
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap, og som på tidspunktet for utreise har fullført alle emna i studieplanen til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap kan reise på utveksling i sitt femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår og kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha fullført fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er polsk, men universitetet tilbyr òg nokre emne på engelsk.

Universitetet tilbyr språkkurs i polsk for internasjonale studentar.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. På universitetet sine nettsider finn du lenke til ei oversikt over juridiske emne som universitetet tilbyr.

Wroclaw University nyttar ECTS-systemet, der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Wroclaw er eit offentleg forskingsuniversitet .Det blei grunnlagd i 1702, og reorganisert etter andre verdskrig. I dag er det eit breiddeuniversitetet med over 30 000 studentar fordelte på ti fakultet i sentrum av Wroclaw. Universitetet har eit naturhistorisk museum, og ein 200 år gamal botanisk hage.

Wroclaw er den fjerde største byen i Polen, og ligg sørvest i landet, i Schlesien. Her bur over 600 000 menneske, og kvar sjette innbyggar er student. Han blei nesten utsletta under andre verdskrigen, men er no bygd opp att. Dei fleste bygningane er i gotisk eller barokk stil, men byen har òg fleire modernistiske bygg, for eksempel Hundreårshallen, som er oppført på UNESCO si verdsarvliste. Byen har fleire øyar og meir enn to hundre bruer.

Bustad

Universitetet garanterer bustad til alle Erasmusstudentar, gitt at ein søker innan fristen. Det finst både enkle og doble rom. Studentbustadane ligg sentralt i Wroclaw.

Semesterinndeling

September - februar og februar - juni.

Flott bygning
Foto:
Wroclaw University

Informasjon