Hjem

Utdanning

erasmus+

University of Wroclaw og Det psykologiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandPolen
  • ByWroclaw
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Profesjonsstudentar i psykologi, og studentar på eit bachelorprogram i psykologi ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar reiser ut i den valfrie delen av sitt studieprogram, og profesjonsstudentar i psykologi kan reise ut i sitt 5. valsemester og i sitt 7. semester.

God planlegging er viktig for ei utbyterik utveksling.

Språk

Undervisningsspråk er engelsk og polsk.

Språkkrav: B2 (engelsk)

Dersom du ikkje har nok engelskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise - sjå UiB.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffa språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Psykologi på lågare og høgare grad (BA/MA).

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

 

Dersom du er profesjonsstudent i psykologi og vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande dei obligatoriske emna på 7. semester av profesjonsstudiet ved UiB. Du kan òg reise ut i ditt valsemester (5. semester) og ta valfrie emner. Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med internasjonal koordinator ved fakultetet.

Emnetilbodet ved dette universitetet er presentert her: http://www.uls.edu.pl/university-of-lower-silesia/english-language-programs-of-study/one-semester-studies/

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Wroclaw er eit offentleg forskingsuniversitet .Det blei grunnlagd i 1702, og reorganisert etter andre verdskrig. I dag er det eit breiddeuniversitetet med over 30 000 studentar fordelte på ti fakultet i sentrum av Wroclaw. Universitetet har eit naturhistorisk museum, og ein 200 år gamal botanisk hage.

Wroclaw er den fjerde største byen i Polen, og ligg sørvest i landet, i Schlesien. Her bur over 600 000 menneske, og kvar sjette innbyggar er student. Han blei nesten utsletta under andre verdskrigen, men er no bygd opp att. Dei fleste bygningane er i gotisk eller barokk stil, men byen har òg fleire modernistiske bygg, for eksempel Hundreårshallen, som er oppført på UNESCO si verdsarvliste. Byen har fleire øyar og meir enn to hundre bruer.

Bustad

Universitetet garanterer bustad til alle Erasmusstudentar, gitt at ein søker innan fristen. Det finst både enkle og doble rom. Studentbustadane ligg sentralt i Wroclaw.

Semesterinndeling

September - februar og februar - juni.

Flott bygning
Foto:
© Wroclaw University

Informasjon