Hjem
Utdanning
erasmus+

SWPS University of Social Sciences and Humanities og Det psykologiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandPolen
  • ByWarszawa
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Profesjonsstudentar i psykologi, og studentar på eit bachelorprogram i psykologi ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar reiser ut i den valfrie delen av sitt studieprogram, og profesjonsstudentar i psykologi kan reise ut i sitt 5. valsemester og i sitt 7. semester.

Grunna studieåret ved SWPS med ulik inndeling av haust og vårsemester fra UiB, er det ikkje mogeleg for profesjonsstudentar eller bachelorstudentar som berre kan reise på utveksling i haustsemesteret, å reise på utveksling til dette universitetet. Studentar kan reise på utveksling til SWPS i eit heilt studieår eller i berre vårsemesteret.

God planlegging er viktig for ei utbyterik utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk og polsk.

Språkkrav: B1

Dersom du ikkje har nok engelskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise - sjå UiB.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffa språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Psykologi på lågere grad (BA).

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Dersom du er profesjonsstudent i psykologi og vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande dei obligatoriske emna på 5. eller 7. semester av profesjonsstudiet ved UiB. Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med internasjonal koordinator ved fakultetet.

Det er ikkje mogleg for profesjonsstudentar å reise ut i haustsemestret grunna semesterinndelinga ved SWPS.

Emnetilbodet ved dette universitetet er presentert her: http://www.studia.swps.pl/warszawa/pierwszego-stopnia/psychology-ba.html#zapis

Faculty of Psychology - http://english.swps.pl/warsaw/faculty-of-psychology

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Warsaw School of Social Sciences and Humanities (SWPS) blei grunnlagt i 1996, og er eit privat polsk universitet. Det er tilknytt institutt for psykologi og institutt for eksperimentell biologi ved Polish Institute of Science. Universitetet har 13 000 studentar og åtte fakultet i fem byar: Warszawa, Wroclaw, Sopot, Katowice og Poznan. Ved universitetet sitt integrerte språksenter kan studentane lære polsk, fransk, italiensk, tysk, spansk, engelsk og italiensk.

Warszawa er hovudstad i Polen og landets største by, med i underkant av to millionar innbyggarar. Av desse er 300 000 studentar. Byen ligg på begge sider av elva Wisla, på den masoviske sletta 78-121 moh. i det polske innlandet. Warszawa er eit viktig økonomisk knutepunkt i Aust-Europa. Opp gjennom historia har han blitt hardt råka av mange krigar, og han vart nesten totaløydelagd under andre verdskrig. Men ettersom han alltid har reist seg att, har byen fått tilnamnet Føniksbyen.

Bustad

Utvekslingsstudentar kan søke om rom på studentbustad like utanfor Warszawa sentrum. Ein kan òg finne bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juli.

Informasjon