SWPS University of Social Sciences and Humanities og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+)
- LandPolen
- ByWarszawa
- Studieplassar2
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1 semester
Hovedinnhold
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Warsaw School of Social Sciences and Humanities (SWPS) blei grunnlagt i 1996, og er eit privat polsk universitet. Det er tilknytt institutt for psykologi og institutt for eksperimentell biologi ved Polish Institute of Science. Universitetet har 13 000 studentar og åtte fakultet i fem byar: Warszawa, Wroclaw, Sopot, Katowice og Poznan. Ved universitetet sitt integrerte språksenter kan studentane lære polsk, fransk, italiensk, tysk, spansk, engelsk og italiensk.
Warszawa er hovudstad i Polen og landets største by, med i underkant av to millionar innbyggarar. Av desse er 300 000 studentar. Byen ligg på begge sider av elva Wisla, på den masoviske sletta 78-121 moh. i det polske innlandet. Warszawa er eit viktig økonomisk knutepunkt i Aust-Europa. Opp gjennom historia har han blitt hardt råka av mange krigar, og han vart nesten totaløydelagd under andre verdskrig. Men ettersom han alltid har reist seg att, har byen fått tilnamnet Føniksbyen.
Bustad
Utvekslingsstudentar kan søke om rom på studentbustad like utanfor Warszawa sentrum. Ein kan òg finne bustad på den private marknaden.
Semesterinndeling
September - januar og februar - juli.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.swps.pl/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb8255
- FagnavnSpråkfag