Hjem
Utdanning
erasmus+

Université Clermont Auvergne og Institutt for biomedisin (ERASMUS+ - Blaise Pascal University (ISIMA))

  • LandFrankrike
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université Blaise Pascal er eit relativt lite fransk breiddeuniversitet, med om lag 14 600 studentar fordelte på i alt ti fakultetseiningar. Universitetet har òg eit observatorium. Det er varsla at universitetet vil fusjonere med det andre store universitetet i byen i 2017. Universitetet sin hovudcampus er kalla Cézeaux og ligg i forstaden Aubière, 15 minutt unna sentrum.

Clermont-Ferrand er ein by med om lag 400 000 innbyggarar som ligg i regionen Auvergne, midt i Frankrike. Byen ligg på grensa mot Frankrikes største nasjonalpark, dannar eit viktig sentrum for næringsliv og industri i området, og er elles internasjonalt kjend for moderne musikk og kortfilmar.

Bustad

Universitetet samarbeider med ein lokal studentvelferdsorganisasjon om å tilby bustader for internasjonale studentar så langt kapasiteten rekk. Det er i hovudsak snakk om enkeltrom med delte fellesareal. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad frå Caisse d'allocations familiales (CAF).

Semesterinndeling

September - januar og januar - juni.

Informasjon