Hjem
Utdanning
erasmus+

Université de Lorraine og Institutt for informatikk (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Alle studentar ved UiB kan søke, men studentar tilknytt Institutt for informatikk vil ha førsteprioritet dersom det er fleire søkarar enn det er ledige plassar. Det er krav om at du skal ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorprogramma ved Institutt for informatikk tilrettelegg for at studentar kan dra på utveksling i 6.semester, men det er og mogleg å dra tidlegare i studieløpet.

Språk

Det er naudsynt med gode kunnskapar i fransk ettersom undervisninga foregår på fransk.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle kurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université de Lorraine blei danna i 2012 ved samanslåing av tre tidlegare uavhengige universitet i regionen Lorraine. Det har eit breitt fagtilbod fordelt på i alt åtte fakultet, og om lag 53 000 studentar. Universitetet har heile 52 campusar, dei to største i Nancy og i Metz, som òg er dei største byane i regionen.

Nancy er den historiske hovudstaden i Lorraine, og har om lag 400 000 innbyggarar i storbyområdet. Byen er eit viktig finansielt sentrum i Frankrike, med eit sterkt næringsliv. Metz er om lag jamstor med Nancy, og er regionens administrative hovudstad. Han ligg om lag 50 kilometer lengre nord, nær grensa til Beneluxlanda og Tyskland.

Bustad

Universitetet samarbeider med studentsamskipnaden CROUS, og har eit avgrensa tal bustader til disposisjon for internasjonale søkarar. Det er viktig å sende søknad innan fristen. Norske studentar i Frankrike kan òg søke om økonomisk stønad gjennom Caisse d¿allocations familiales (CAF).

Semesterinndeling

September - februar og februar - juni/juli.

Informasjon