Comenius University in Bratislava og Det juridiske fakultet (ERASMUS+ - 5. studieår)
- LandSlovakia
- ByBratislava
- Studieplassar2
- StudienivåMaster
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Denne avtalen kan nyttast av studentar på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap.
Når i studiet kan eg reise
Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.
I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.
Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.
Språk
Undervisningsspråket ved vertsuniversitetet er slovakisk, men dei har òg eit avgrensa emnetilbod med engelsk som undervisningsspråk.
Universitetet tilbyr språkkurs i slovakisk for internasjonale studentar.
Kva emne kan eg ta
Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. På denne nettsida finn du lenke til ei oversikt over emne som tilbys ved dette universitetet.
Comenius University nyttar ECTS-poengsystemet, der ein ECTS-credit er det same som 1 studiepoeng.
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Comenius University in Bratislava blei etablert i 1919, kort tid etter oppløysinga av Tsjekkoslovakia. I oppstartsfasen fekk det hjelp av Universitetet i Praha, men i dag står lærestaden på eigne bein, som det største universitetet i Slovakia med om lag 29 000 studentar og eit breitt fagtilbod. Det engelskspråklege fagtilbodet er størst innan handelsfag og samfunnsvitskapane. Dei fleste av universitet sine bygningar ligg i Bratislava, men det medisinske fakultetet ligg i Martin.
Bratislava er hovudstaden i Slovakia med rundt ein halv million innbyggarar. Byen ligg heilt lengst vest i landet, rett ved grensa til Austerrike, og er prega av å vere ein kulturell smeltedigel mellom fleire etniske grupper. Bratislava er eit godt utgangspunkt både for naturopplevingar og meir urbane fritidssyslar.
Bustad
Universitetet sine studentbustader ligg for det meste innan gangavstand frå campusområdet eller inne i bykjernen. Eit eige internasjonalt kontor hjelper utvekslingsstudentar ved universitetet med å finne bustad.
Semesterinndeling
September - januar/februar og februar- juni.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.uniba.sk/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7000
- FagnavnJuridiske fag