Hjem
Utdanning
erasmus+

Comenius University in Bratislava og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+)

  • LandSlovakia
  • ByBratislava
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på eit av studieprogramma ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) og andre studentar som ønsker å ta språklege emne når dei er på utveksling.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelorprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling. Studentar på bachelorprogramma ved LLE blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn det er plassar

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar ved LLE: Det passar best å reise på utveksling i fjerde, femte eller sjette semester av bachelorgraden. Det tilrådast å ta emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivå enn på 100-nivå.

Masterstudentar: Det passar best å reise ut i det andre semesteret av masterprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studierettleiaren for programmet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk (polsk som andrespråk)

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta emne som skal inngå i spesialiseringa i graden din ved UiB, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande spesialiseringsemne ved UiB. Det er lettast å finne emne som kan innpassast på 200-nivå.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Comenius University in Bratislava blei etablert i 1919, kort tid etter oppløysinga av Tsjekkoslovakia. I oppstartsfasen fekk det hjelp av Universitetet i Praha, men i dag står lærestaden på eigne bein, som det største universitetet i Slovakia med om lag 29 000 studentar og eit breitt fagtilbod. Det engelskspråklege fagtilbodet er størst innan handelsfag og samfunnsvitskapane. Dei fleste av universitet sine bygningar ligg i Bratislava, men det medisinske fakultetet ligg i Martin.

Bratislava er hovudstaden i Slovakia med rundt ein halv million innbyggarar. Byen ligg heilt lengst vest i landet, rett ved grensa til Austerrike, og er prega av å vere ein kulturell smeltedigel mellom fleire etniske grupper. Bratislava er eit godt utgangspunkt både for naturopplevingar og meir urbane fritidssyslar.

Bustad

Universitetet sine studentbustader ligg for det meste innan gangavstand frå campusområdet eller inne i bykjernen. Eit eige internasjonalt kontor hjelper utvekslingsstudentar ved universitetet med å finne bustad.

Semesterinndeling

September - januar/februar og februar- juni.

Informasjon