Hjem
Utdanning
erasmus+

University of Bucharest og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandRomania
  • ByBucuresti
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap, og som på tidspunktet for utreise har fullført alle emna i studieplanen til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap kan reise på utveksling i sitt femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår og kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha fullført fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er i hovudsak rumensk, med nokre kurs på fransk. Universitetet opplyser at studentar som ikkje snakkar rumensk likevel kan følgje faga og få individuell rettleiing på engelsk. Erfaring viser at dette er ei løysing som fungerer dårleg, og vi tilrår ingen å reise til University of Bucharest utan å kunne rumensk.

Universitetet tilbyr gratis språkkurs i rumensk for internasjonale studentar.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Lenke til ei oversikt over emne ein kan ta finn du på denne nettsida.

University of Bucharest nyttar ECTS-systemet, der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Bucharest er eit offentleg breiddeuniversitet med 19 fakultet og rundt 32 000 studentar. I tillegg til dei ulike fakulteta og ei rekke forskingssentre har universitetet òg sitt eige forlagshus, ein botanisk hage og geoparken Hateg, der ein blant anna kan sjå verdas einaste dvergdinosaurfossil, og ei rekke andre unike paleontologiske funn.

Bucuresti er hovudstaden i Romania, og ligg søraust i landet. Det er den største byen mellom Berlin og Istanbul, med rundt 2 millionar innbyggarar. Han utgjer det økonomiske og administrative sentrum i Romania, og har vore gjenstand for ein omfattande moderniseringsprosess etter tusenårsskiftet.

Bustad

Universitetet har fleire studentbustader og eit internasjonalt kontor som hjelper Erasmus-studentar med å finne bustad. Kostnadsnivået i Bucure¿ti er noko høgare enn i Romania elles, men det er likevel gode sjansar for å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

Oktober - februar og februar - juni.

Informasjon