Hjem

Utdanning

erasmus+

University of Latvia og Det samfunnsvitenskapelige fakultet (ERASMUS+)

  • LandLatvia
  • ByRiga
  • Studieplassar2
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Det samfunnsvitskaplege fakultet har fortrinn på å reise ut gjennom denne avtalen. Søkarar frå andre fagområde kan vurderast dersom det er ledige plassar. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling. Det er mogeleg å søke for eitt semester, eller for eit heilt år.

Når i studiet kan eg reise

Normalt vil det passe best å reise på utveklsing for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Sjå fakultetet si nettside for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråk er engelsk eller latvisk. Fleire av programma og emna utvekslingsstudentar kan ta har engelsk som undervisningsspråk. Universitetet anbefaler at du har engelskkunnskapar tilsvarande B1-nivå etter EU sine retningslinjer (CEFR).

Kva emne kan eg ta

Avtalen ligg under Faculty of Social Science. Her finn du emne innan media, sosiologi og statsvitskap. På denne nettsida finn du oversikt over emnetilbodet ved universitetet.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Kvart emne utgjer mellom 3-6 ECTS.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Latvia ligg i den latviske hovudstaden Riga, og er det største på Baltikum. Universitetet blei grunnlagt i 1919 og har dag rundt 15 000 studentar, fordelte på i alt 13 fakultet. Om lag ein av tre studentar tek forretnings- og økonomirelaterte studium. Universitetet har eit aktivt studentmiljø og ei rekkje relaterte organisasjonar og lag. Blant anna fleire kor, eit kammerorkester, eigne fotballag og eit keramikkstudio.

Riga er hovudstad i Latvia, og i likskap med Bergen, ein tidlegare Hansaby. Byen har rundt 700 000 innbyggarar og ligg på ei sandslette mellom ein og ti meter over havet, ved Rigabukta, om lag midt i landet. Etter sovjettida har norske næringslivsaktørar vist iver etter å etablere seg i byen, og franchisekjeder som Narvesen, Rema 1000, Cubus og Dressmann er synlege i bybiletet.

Bustad

Universitetet har to studentheimar for internasjonale studentar like utanfor Riga sentrum. Ein må søke innan gitte fristar før kvart semester. Det er òg gode sjansar for å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Flott bygning
Foto:
© University of Latvia

Informasjon