Hjem
Utdanning
erasmus+

University of Latvia og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandLatvia
  • ByRiga
  • Studieplassar4
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap, og som på tidspunktet for utreise har fullført alle emna i studieplanen til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap kan reise på utveksling i sitt femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår og kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha fullført fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er latvisk og engelsk. Universitetet har eit emnetilbod på engelsk, men ikkje nok til å fylle eit heilt semester kun med emne som har engelsk som undervisningsspråk. Studentar som ønsker å reise ut gjennom denne avtalen må vere budde på å ta emne på latvisk for å oppnå full semesterbelasting. Gode latviskkunnskapar er derfor tilrådd.

Informasjon om latvisk språkkurs finn du på denne nettsida.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. På nettsida til universitetet finn du ei oversikt over kva emne ein kan ta som Erasmus-student. Som Erasmusstudent kan ein berre velje blant emne på bachelornivå.

Universitetet nyttar ECTS-systemet, der ein ECTS-credit svarar til eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Latvia ligg i den latviske hovudstaden Riga, og er det største på Baltikum. Universitetet blei grunnlagt i 1919 og har dag rundt 15 000 studentar, fordelte på i alt 13 fakultet. Om lag ein av tre studentar tek forretnings- og økonomirelaterte studium. Universitetet har eit aktivt studentmiljø og ei rekkje relaterte organisasjonar og lag. Blant anna fleire kor, eit kammerorkester, eigne fotballag og eit keramikkstudio.

Riga er hovudstad i Latvia, og i likskap med Bergen, ein tidlegare Hansaby. Byen har rundt 700 000 innbyggarar og ligg på ei sandslette mellom ein og ti meter over havet, ved Rigabukta, om lag midt i landet. Etter sovjettida har norske næringslivsaktørar vist iver etter å etablere seg i byen, og franchisekjeder som Narvesen, Rema 1000, Cubus og Dressmann er synlege i bybiletet.

Bustad

Universitetet har to studentheimar for internasjonale studentar like utanfor Riga sentrum. Ein må søke innan gitte fristar før kvart semester. Det er òg gode sjansar for å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Flott bygning
Foto/ill.:
© University of Latvia

Informasjon