Gdansk University of Technology og Kjemisk institutt (ERASMUS+)
- LandPolen
- ByGdansk
- Studieplassar2
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Avtalen gjeld berre for studentar som går på bachelorprogrammet i kjemi.
Når i studiet kan eg reise
Etter at du har tatt 60 studiepoeng kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.
Språk
Undervisningsspråka ved universitetet er polsk og engelsk.
Kva undervisningsspråk som gjeld for dei enkelte emna finn du informasjon om i emneskildringane. Det er naudsynt med gode språklege forkunnskapar for å følge undervisning på polsk. Vi anbefaler derfor i utgangspunktet at du vel emne som har engelsk som undervisningsspråk. Det er fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.
Kva emne kan eg ta
Ver merksam på at det er obligatoriske emne i andre og tredje studieår av bachelorprogrammet i kjemi som må dekkast inn under utvekslingsopphaldet. Det er derfor naudsynt å finne emne som kan erstatte dei obligatoriske emna du elles skulle ha tatt i same semester ved UiB. Ta tidleg kontakt med studierettleiar på e-post når du skal planlegge utvekslingsopphaldet ditt. Kontaktadressa er studierettleiar@kjemi.uib.no
Du kan òg velje emne som skal inngå som frie studiepoeng i bachelorgraden. Då kan du velje fritt mellom emna universitetet tilbyr. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i innhald med emne du har tatt før, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Ver merksam på eventuelle krav til faglege forkunnskapar knytt til einskilde emne.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Gdansk University of Technology blei grunnlagt i 1904, med formål om å fremme den tekniske utdanninga området. I dag er det eit teknisk universitetet med om lag 25 000 studentar og ni fakultet. Universitetet har to kjende polske fysikarar som utmerkte beskyttarar; Daniel Gabriel Fahrenheit, oppfinnaren av termometeret, og Johannes Hevelius, som i si tid grunnla selenografien - læra om månens topografi - som eige fag.
Hamnebyen Gdansk ligg ved Gdanskbukta, nord i Polen, ved munninga av elva Vistula. Byen har om lag ein halv million innbyggarar. Han fekk hard medfart av bombeangrep under andre verdskrig, men særskilt gamlebyen har i ettertid gått gjennom omfattande rekonstruksjon og Gdansk reknast i dag for å vere blant Europas vakraste middelalderbyar. Næringslivet her er i hovudsak sentrert rundt skipsbygging og shipping.
Bustad
Ein kan søke på universitetet sine studentbustader. Desse ligg i utkanten av landskapsparken Tricity, nær universitetet og ikkje langt unna sjøen.
Semesterinndeling
September - februar og februar - juni.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.pg.gda.pl/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7001
- FagnavnKjemi