Immanuel Kant Baltic Federal University og Det juridiske fakultet (BILATERAL)
- LandRussland
- ByKaliningrad
- AvtaletypeBilateral
- Lengde på opphald1 semester
Om avtalen
Kven kan søke
Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår. For å kvalifisere til studier ved Immanuel Kant Baltic Federal University må du ha eit karaktersnitt på C eller betre.
Når i studiet kan eg reise
I Master i rettsvitskap-studiet kan du reise på utveksling på femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår. Du kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår.
I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" finn du informasjon om korvidt du må vere ferdig med fjerde studieår før utreise.
Språk
Undervisningsspråket er i hovudsak russisk, og ein må ha gode språkkunnskapar i russisk for å utveksle til Immanuel Kant Baltic Federal University. Juridisk fakultet tilbyr óg ein del emne som blir underviste på engelsk, men ikkje nok til å fylle eit heilt semester med berre engelskspråklege emne.
Kva emne kan eg ta
Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. På denne nettsida finn du informasjon om dei engelskspråklege emna som tilbys. For informasjon om andre emne kan du kontakte universitetet direkte.
Studieavgift
Studentar som reiser gjennom denne avtalen betaler ikkje skolepengar eller studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Immanuel Kant Baltic Federal University (IKBFU) vart stifta i 2010, men har røter 460 år tilbake gjennom the Albertina University of Königsberg som var forløparen til IKBFU. Universitetet har i overkant av 10 000 studentar. Om lag 10 % av dei er internasjonale.
Kaliningrad Oblast er regionen lengst vest i Russland. Byen Kaliningrad er ein hamneby og var tidlegare kjend som Königsberg som var ein hansaby. I dag er Kaliningrad handsels-, industri- og transportsentrumet i regionen. Byen har om lag 1 million innbyggjarar.
Bustad
Universitetet tilbyr studentbustader med dobbel og trippelrom.
Semesterinndeling
August til desember og januar til juni.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.kantiana.ru/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb8339
- FagnavnJuridiske fag