Hjem
Utdanning
erasmus+

Hochschule für Musik Karlsruhe og Griegakademiet - Institutt for musikk (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByKarlsruhe
  • Studieplassar1
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise på utveksling i 3. semester av masterprogrammet.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Val av emne bør drøftast med hovudinstrumentlærar.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Hochschule für Musik Karlsruhe er ein offentleg musikkhøgskule som tilbyr kunstnarisk og vitskapleg skulering av musikarar, komponistar, musikkvitarar, pedagogar og musikkjournalistar. Skulen har òg eit studieløp innanfor feltet kulturmedieteknologi, med base i eit av Tysklands best utstyrte elektronikastudio. Skulen har rundt 650 studentar og hovudsete i slottet Gottesaue, aust for Karlsruhe sentrum.

Karlsruhe er ein by med rundt 300 000 innbyggarar som ligg sørvest i Tyskland, på grensa mot Frankrike i Baden-Württemberg. Byen er kalla opp etter grunnleggaren Karl Vilhelm av Baden-Durlach, og blei i si tid grunnlagd i samband med bygginga av Karlsruhe slott, som stadig er byens viktigaste landemerke.

Bustad

Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden Studentenwerk om eit bustadtilbod for internasjonale studentar, men garanterer ikkje plass. Det finst studentbustader både på og utanfor campus. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Karlsruhe.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - juli/august.

Informasjon