Hjem
Studentsider
erasmus+

Università Ca' Foscari di Venezia og Det humanistiske fakultet (ERASMUS+ - Sustainable development)

  • LandItalia
  • ByVenezia
  • Studieplassar2
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeErasmus+

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på masterprogrammet i berekraft.

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise på utveksling i det 2. semesteret av masterprogrammet.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er italiensk.

NB! Università Ca'Foscari di Venezia krev dokumentasjon på språkkrav i engelsk og italiensk. Studentar som vil studere må dokumentere nivå B2 i engelsk og/eller italiensk. Du kan finne ei oversikt over godkjente språktestar på Ca'Foscari sine nettsider. På nettsidene finn du ein gratis språktest, der du kan teste nivået ditt.

Kva emne kan eg ta

Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB. Kontakt studierettleiar for meir informasjon om emneval.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Università Ca'Foscari di Venezia blei oppretta i 1868 som den første handelshøgskulen i Italia. Han hadde frå starten av studiar i både vestlege og orientale moderne språk. I dag er det eit offentleg universitet med om lag 19 000 studentar. Dei åtte fakulteta ligg over heile byen, men hovudbygninga er det venetiansk-gotiske palasset Ca'Foscari frå 1453, som ligg ved Canal Grande.

Venezia har om lag 270 000 innbyggarar og er bygd på pålar, på ein leirbanke, inst i Adriaterhavet. Byen er kjend for særprega historie og arkitektur, blant anna Sukkenes bro, Dogepalasset og Markusplassen. Her finst òg verdas eldste filmfestival, eit storslått karneval og Harry's bar, som er verdskjend som ein av favorittbulene til Hemningway. Her blei blant anna cocktailen Montgomnery og matretten carpaccio oppfunne.

Bustad

Universitetet har avtalar med fleire studentbustader i byen, kor internasjonale studentar kan søke om innpass. Det er òg mogleg å finne bustad privat dersom ein er ute i god tid.

Semesterinndeling

Oktober - januar og mars - juni.

Informasjon