Hjem

Utdanning

erasmus+

Università Ca' Foscari di Venezia og Institutt for fremmedspråk (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByVenezia
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på bachelor- og masterprogrammet i italiensk, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor italiensk språk, litteratur og kultur. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i den perioden du er på utveksling.

Studentar på bachelor- og masterprogrammet i italiensk blir prioritert i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i italiensk: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei siste fire semestera av bachelorprogrammet.

Masterstudentar i italiensk: Det passar best å reise på utveksling i det 2. semesteret av masterprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng. Det er vanlegvis då det passar best å reise ut.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er italiensk.

NB! Università Ca'Foscari di Venezia krev dokumentasjon på språkkrav i engelsk og italiensk. Studentar som vil studere må dokumentere nivå B2 i engelsk og/eller italiensk. Du kan finne ei oversikt over godkjente språktestar på Ca'Foscari sine nettsider. Desse nettsidene har og ein gratis språktest, der du kan teste nivået ditt.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Università Ca'Foscari di Venezia blei oppretta i 1868 som den første handelshøgskulen i Italia. Han hadde frå starten av studiar i både vestlege og orientale moderne språk. I dag er det eit offentleg universitet med om lag 19 000 studentar. Dei åtte fakulteta ligg over heile byen, men hovudbygninga er det venetiansk-gotiske palasset Ca'Foscari frå 1453, som ligg ved Canal Grande.

Venezia har om lag 270 000 innbyggarar og er bygd på pålar, på ein leirbanke, inst i Adriaterhavet. Byen er kjend for særprega historie og arkitektur, blant anna Sukkenes bro, Dogepalasset og Markusplassen. Her finst òg verdas eldste filmfestival, eit storslått karneval og Harry's bar, som er verdskjend som ein av favorittbulene til Hemningway. Her blei blant anna cocktailen Montgomnery og matretten carpaccio oppfunne.

Bustad

Universitetet har avtalar med fleire studentbustader i byen, kor internasjonale studentar kan søke om innpass. Det er òg mogleg å finne bustad privat dersom ein er ute i god tid.

Semesterinndeling

Oktober - januar og mars - juni.

Venezia
Foto:
© Università Ca' Foscari di Venezia

Informasjon