Hjem
Utdanning
erasmus+

Linköpings universitet og Matematisk institutt (ERASMUS+)

  • LandSverige
  • ByLinköping
  • Studieplassar2
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen er open for masterstudentar. Studentar ved Matematisk institutt og lektorstudentar med matematikk som fag blir prioritert dersom det er fleire søkarar enn plassar.

Studentar ved Matematisk institutt, lektorstudentar med matematikk som fag, og og IMØ-studentar som har valt statstikk som spesialisering blir prioritert dersom det er fleire søkarar enn plassar.

Studentar skal ha tatt 60 studiepoeng før avreise.

Det er normalt eit krav om minst C i gjennomsnittskarakter.

Når i studiet kan eg reise

Masterstudentar ved Matematisk institutt: Det er i utgangspunktet inga avgrensing for når i studieløpet du kan gjennomføre utveksling. Ta kontakt med studierettleiaren din dersom du er i tvil om når du bør reise.

Lektorstudentar: Ta kontakt med studierettleiaren din for informasjon og råd om utveksling. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester der du kan ta frie studiepoeng.

Det er mogleg å reise ut både vår og haust.

Språk

Undervisningsspråk er svensk og engelsk.

Kva emne kan eg ta

Matematisk institutt anbefaler at du diskuterer kva emne du skal ut saman med studierettleiar og/eller rettleiar eller annan vitskapleg tilsett før du søkjer om førehandsgodkjenning.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Linköpings universitet blei grunnlagt i 1975, og har i dag 27 500 studentar. Universitetet er delt i fire: Hälsouniversitetet , Filosofifakulteten, Linköpings tekniska högskola og avdeling for Utbildningsvetenskap. Ein stor del av fagtilbodet er profesjonsutdanningar. Det har fire campusar. Campus Valla er størst, og ligg tre kilometer unna Linköping, dernest følgjer campusen i nabobyen Norrköping. Universitetssjukehuset ligg i Linköping sentrum og Campus Carl Malmsten Furniture Studies på Lidingö, utanfor Stockholm.

Linköping har om lag 150 000 innbyggarar, og ligg i det svenske innlandet, midt mellom Austersjøen og innsjøen Vättern. Byen er blant anna kjend for å ha mange høgteknologibedrifter. Kommunen er òg aktiv når det kjem til miljøpolitikk, og tek sikte på å bli ein klimanøytral kommune innan 2025.

Bustad

Det finst studentbustader både ved campusen i Linköping og campusen i Norrköping. Det er òg gode sjansar for å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i begge byane.

Semesterinndeling

August - januar og januar - juni.

Informasjon