Hjem
Utdanning
erasmus+

Université de Poitiers og Matematisk institutt (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByPoitiers
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen er open for bachelor- og masterstudentar. Studentar ved Matematisk institutt og lektorstudentar med matematikk som fag blir prioritert dersom det er fleire søkarar enn plassar.

Studentar skal ha tatt 60 studiepoeng før avreise.

Det er normalt eit krav om minst C i gjennomsnittskarakter.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar ved Matematisk institutt: Det er mogeleg å reise ut 4.,5. eller 6. semester.

Masterstudentar ved Matematisk institutt: Det er i utgangspunktet inga avgrensing for når i studieløpet du kan gjennomføre utveksling. Ta kontakt med studierettleiaren din dersom du er i tvil om når du bør reise.

Lektorstudentar: Ta kontakt med studierettleiaren din for informasjon og råd om utveksling. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Det er mogeleg å reise ut både om våren og hausten.

Språk

Undervisningsspråket er fransk.Det er krav om minst nivå B2 i fransk.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise, sjå uib.no for info om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Matematisk institutt anbefaler at du diskuterer kva emne du skal ta med studierettleiar og/eller rettleiar eller annan vitskapleg tilsett før du søker om førehandsgodkjenning.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Studentar som reiser på denne avtalen kan berre ta emne innan matematikk.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université de Poitiers blir grunnlagt i 1431, og er eit offentleg breiddeuniversitet med sju fakultet, åtte skuleeiningar og om lag 24 000 studentar. Det har godt omdøme innan fleire fagfelt, og hevdar seg elles blant anna ved å ha god dekning for digitale læremiddel. Universitetet er tett vevd saman med byen Poitou-Charentes, men hovudcampusen ligg søraust for sentrum.

Poitou-Charentes er ein tradisjonsrik universitetsby i regionen Poitiers, vest i det franske innlandet. Han har om lag 90 000 innbyggarar, og rundt ein fjerdedel av desse er studentar. Byen har kallenamn som «Den gylne byen» og «Byen med hundre kyrkjer», grunna at geistlege praktbygg står tett i tett i bykjernen. Det sekulære kulturtilbodet inkluderer blant anna ein gateteaterfestival, kortfilmfestival og ei mengd studentfestivalar gjennom året.

Bustad

Universitetet samarbeider med studentsamskipnaden CROUS, og har eit avgrensa tal bustader til disposisjon for internasjonale søkarar. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Poitiers. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad frå Caisse d'allocations familiales (CAF).

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Grøn campus
Foto/ill.:
© Université de Poitiers

Informasjon