Hjem

Utdanning

erasmus+

Universitat Rovira i Virgili og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • ByTarragona
  • Studieplassar3
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

På masterstudiet i rettsvitskap kan du reise på utveksling på femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår. Du kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha avslutta fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket på vertsuniversitetet er katalansk og spansk, men universitetet tilbyr òg nokre kurs på engelsk. Tidlegare erfaringar med å sende studentar til dette universitetet har vist at det ikkje er nok emne på engelsk til å fylle eit heilt semester. Studentar som ønsker å reise på denne avtalen må vere forberedt på å måtte ta emne på katalansk eller spansk for å oppnå full semesterbelastning. Gode språkkunnskapar i desse språka er derfor anbefalt. Uavhengig av om emna har undervisning på spansk eller katalansk, kan internasjonale studentar nytte spansk når dei deltek i diskusjonar og når dei skriv oppgåver og eksamen.

Universitetet tilbyr språkkurs i katalansk og spansk for internasjonale studentar.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som vert godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. På universitetet sine nettsider finn du lenke til ei oversikt over juridiske emne som universitetet tilbyr.

Universitat Rovira i Virgili nyttar ECTS-systemet, og ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitat Rovira I Virgili er eit offentleg universitet i Catalonia. Universitetet sine prioriterte forskingsområde er arkeologi, kjemi, turisme, energi og miljø, ernæring og helse, økonomi, rettsvitskap og utdanningsvitskap. Universitetet har om lag 12 000 studentar, og er geografisk fordelt på seks campusar i dei fem byane Tarragona, Reus, Vila-Seca, Tortosa og El Vendrell. Tarragona er det største.

Tarragona er ein kystby som ligg i provinsen ved same namn i Catalonia. Byen har om lag 140 000 innbyggarar og er blant anna kjent for ein spesiell type dans, som involverer menneskelege tårn og snakkesynging. Den viktigaste inntektskjelda i området er kjemisk industri. Feltet for denne industrien ligg i utkanten av byen.

Bustad

Universitetet har studentbustader i Tarragona der internasjonale studentar kan søke om rom. Det er òg mogleg å leige på den private marknaden.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Flott bygning
Foto:
© Universitat Rovira i Virgili

Informasjon