Hjem
Studentsider
erasmus+

Université Savoie Mont Blanc og Institutt for fremmedspråk (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByChambéry
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på bachelor- og masterprogrammet i fransk, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor fransk språk, litteratur og kultur. Det er eit krav at du må ha tatt minst 60 studiepoeng før avreise. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling.

Studentar på bachelor- og masterprogrammet i fransk blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i fransk: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei siste fire semestera av bachelorprogrammet.

Masterstudentar i fransk: Det passar best å reise ut i det andre semesteret av masterprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk i kva semester du kan ta frie studiepoeng. Det er vanlegvis då det passar best å reise på utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er fransk.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université de Savoie er eit fransk universitet med rundt 13 000 studentar. Det ligg søraust i Frankrike, ikkje langt frå grensene mot Sveits og Italia, og vektlegg samarbeid i det alpine området. Universitetet blei grunnlagt i 1979 som ei samanslåing mellom fleire høgskular i området. Det har i alt åtte skular og fakultet, og eit breitt fagleg tilbod. Alle dei tre campusane ligg i nærleiken av byen Chambéry.

Chambéry er ein by med rundt 100 000 innbyggarar, som ligg i regionen Rhône-Alpes, søraust i Frankrike. Byen var lenge base for hertugslekta Savoie, derav namnet på universitet. Chambéry er omgitt av vakker natur og fjell.

Bustad

Universitetet samarbeider med den studentsamskipnaden CROUS, og har studentbustader ved alle dei tre campusane. Kapasiteten er knapp, derfor kan dei ikkje garantere at alle får plass. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad frå Caisse d'allocations familiales (CAF).

Semesterinndeling

September - januar og februar - mai/juni.

Informasjon