Hjem

Utdanning

erasmus+

Universidad de Oviedo og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • ByOviedo
  • Studieplassar3
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

På masterstudiet i rettsvitskap kan du reise på utveksling på femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår. Du kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha avslutta fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket på vertsuniversitetet er spansk, men universitetet tilbyr òg nokre kurs på engelsk. Studentar som ønsker å reise på denne avtalen må vere forberedt på å måtte ta emne på spansk for å oppnå full semesterbelastning. Gode språkkunnskapar i spansk er derfor anbefalt.

Universitetet tilbyr språkkurs i spansk for internasjonale studentar.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som vert godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. På universitetet sine nettsider finn du ei oversikt over juridiske emne som universitetet tilbyr.

Universidad de Oviedo nyttar ECTS-systemet, og ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universidad de Ovideo er eit offentleg breiddeuniversitet som ligg i den autonome regionen Asturias. Universitetet har om lag 25 000 studentar, fordelte på 17 fakultet og sju campusar i tre byar. Satsingsområde for universitetet er blant anna næringslivssamarbeid og forskingsområda «energi, miljø og klima» og «biomedisin og helsefag».

Asturias ligg nord i Spania og har ei lang kystlinje mot Atlanterhavet. Regionen er kjend for spektakulær natur, høg trivsel og rike mattradisjonar. Særskilt ost og sider av eple og anna frukt er høgt verdsette lokale produkt. Universitetet har campusar i Oviedo, Gijón og Mieres, som alle ligg i dei midtre provinsane i regionen.

Bustad

Universitetet har eit bustadformidlingssenter som hjelper internasjonale studentar med å finne bustad. Det er viktig å søke i god tid. Det er mogleg å leige rom enten hos ein spansk vertsfamilie, på ein av dei offentlege studentheimane i området, eller finne bustad privat.

Semesterinndeling

September - januar og januar - juni.

Flott bygning
Foto:
© Universidad de Oviedo

Informasjon