Hjem
Studentsider
erasmus+

Universidad de Oviedo og Det medisinske fakultet (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • ByOviedo
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld kun medisinstudentar.

Tal på studieplassar i avtalen gjeld for eit heilt år. Vær obs på at tal på plassar kan variere frå år til år avhengig av kapasiteten ved vertsinstitusjonen.

Når i studiet kan eg reise

Medisinstudentar kan reise på utveksling til Oviedo og ta emna nevrologi, psykiatri, øyre-nase-halssjukdomar og auge over eit heilt år (haust + vår).

Språk

Undervisningsspråket er spansk.Dersom du ikkje har nok spanskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise, sjå uib.no for info om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Dersom du vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande spesifikke emne ved UiB.

Følgjande emne i Oviedo samsvarar med emne ved UiB:

Haust: Opthalmology, Otorhinolaryngology

Vår: Nervous system pathology, Clinical psychiatry + clinical rotation psychiatry

Gjennomført undervising og bestått eksamen i desse emna er vurdert som tilsvarande 7. semester (MED7) ved UiB. Det må undersøkjast om barne- og ungdomspsykiatri (BUP) kan dekkjast saman med dei andre emna i løpet av opphaldet.

Merk at for å utveksle til Oviedo må du vera ute eit heilt studieår (haust + vår). Me anbefaler derfor denne avtalen i hovudsak til studentar på B-kull. Haustsemesteret kan da tas i friterminen. Det kan sjå ut til at Oviedo kan tilby tilsvarande 8. semester. Det vil da være mogeleg også for studentar på A-kull å utveksle til Oviedo.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universidad de Ovideo er eit offentleg breiddeuniversitet som ligg i den autonome regionen Asturias. Universitetet har om lag 25 000 studentar, fordelte på 17 fakultet og sju campusar i tre byar. Satsingsområde for universitetet er blant anna næringslivssamarbeid og forskingsområda «energi, miljø og klima» og «biomedisin og helsefag».

Asturias ligg nord i Spania og har ei lang kystlinje mot Atlanterhavet. Regionen er kjend for spektakulær natur, høg trivsel og rike mattradisjonar. Særskilt ost og sider av eple og anna frukt er høgt verdsette lokale produkt. Universitetet har campusar i Oviedo, Gijón og Mieres, som alle ligg i dei midtre provinsane i regionen.

Bustad

Universitetet har eit bustadformidlingssenter som hjelper internasjonale studentar med å finne bustad. Det er viktig å søke i god tid. Det er mogleg å leige rom enten hos ein spansk vertsfamilie, på ein av dei offentlege studentheimane i området, eller finne bustad privat.

Semesterinndeling

September - januar og januar - juni.

Flott bygning
Foto/ill.:
© Universidad de Oviedo

Informasjon