Hjem
Utdanning
bilateral

Universität Zürich og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (BILATERAL)

  • LandSveits
  • ByZürich
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

BA/MA

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) og andre studentar som ønsker å ta språklege emne når dei er på utveksling.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i den perioden du er på utveksling. Studentar på bachelor- eller masterprogram ved LLE blir prioritert i fall det er fleire søkarar enn det er plassar.

BA

Avtala gjeld for studentar på bachelorprogramma ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) og andre studentar som ynskjer å ta språklege emne når dei er på utveksling.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelorprogram ved UiB i den perioden du er på utveksling. Studentar på bachelorprogramma ved LLE vert prioriterte i fall det er fleire søkjarar enn det er plassar.

MA

Avtala gjeld for studentar på masterprogrammet i litteraturvitskap.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng. Du må også ha gyldig studierett på masterprogrammet i litteraturvitskap ved UiB i den perioden du er på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar ved LLE: Det passar best å reise på utveksling i fjerde, femte eller sjette semester av bachelorprogrammet. Vi rår til at du tar emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivå enn på 100-nivå.

Studentar på andre studieprogram: Ta kontakt med studierettleiaren din for råd og informasjon om utveksling. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta emne som frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråk er tysk.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Språklege emne.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta emne som skal inngå i spesialiseringa i graden din ved UiB, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande spesialiseringsemne ved UiB. Det er lettast å finne emne som kan innpassast på 200-nivået. Hugs på at dersom du skal ta 200-nivået på utveksling, må du finne emne som har semesteroppgåve eller tilsvarande vurderingsform på (til saman) minimum 10 studiepoeng.

Dersom du skal ta emne som frie studiepoeng i ein bachelorgrad, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden.

Det er ein føresetnad at kursa ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Zürich blei grunnlagt i 1833 og er det største universitetet i Sveits med rundt 26 500 studentar fordelte på sju fakultet og fire campusar som ligg i Zürich og omegn. Universitetet samarbeider nært med det polytekniske universitetet ETHZ som òg har base i byen. Universitetet har særskilt sterke forskingsmiljø innan fysikk, kjemi og medisin og har 12 nobelprisvinnarar i folden. Blant desse er både Wilhelm Conrad Röntgen og Albert Einstein.

Zürich er den største byen og det viktigaste kommersielle senteret i Sveits. Byen har rundt 400 000 innbyggarar og ligg vakkert til nord i landet ved Zurichsjøen. Han har høg levestandard og dannar eit godt utgangspunkt både for naturopplevingar og storbyliv.

Bustad

Universitetet har ingen eigne studentbustader, men har eit bustadkontor i fellesskap med Eidgenössische Technische Hochschule Zürich som kan hjelpe i leiteprosessen. Det finst òg uavhengige studentforeiningar i byen som driv med bustadformidling.

Semesterinndeling

August - januar og februar - juli.

Campus fra luften
Photo:
© Universität Zürich/Manfred Richter

Informasjon