Hjem
Studentsider
erasmus+

Adam Mickiewicz University in Poznan og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandPolen
  • ByPoznan
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Det samfunnsvitskapelege fakultet kan søke på plassane. Søkarar frå andre fagområde blir vurderte om det er ledige plassar.

Søkaren må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

Det er mogleg å søke for eitt semester (oppstart vår) eller eit heilt år (oppstart haust). Normalt reiser ein ut mellom tredje og sjette semester.

Sjå fakultetet si nettside for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråka er engelsk eller polsk. Universitetet anbefaler at du har språkkunnskapar tilsvarande B1-nivå (CEFR) i engelsk.

Institusjonen tilbyr polsk språkkurs till innreisande studentar. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Du kan studere fleire emne innan blant anna politikk, samfunnsvitskap, jus og geografi. På denne nettsida finn du emnekatalogen for engelskspråklege kurs. Sjekk undervisningsspråket før du vel emne.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Kvart emne utgjer mellom 2 og 8 ECTS. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Adam Mickiewicz University (AMU) opna i 1919, og ligg i byen Poznan. Det har fått namn etter den polske diktaren Mickiewicz, som ved sidan av Pusjkin blir rekna som den viktigaste slaviske diktaren. I dag har universitetet 14 fakultet, og over 50 000 studentar. I tillegg til Poznan, har AMU campusar i byane Gniezno, Kalisz, Pila og Slubice. Universitetet har ei arktisk forskingshytte på Svalbard med namn Skottehytta.

Poznan ligg ved elva Warta, midt mellom Berlin og Warszawa. Byen er eit sentrum for kultur og handel, og har mykje industri knytt til blant anna maskin- og elektroteknikk og tobakk. Elles er byen òg blant landets viktigaste universitetsbyar. Poznan har 550 000 innbyggarar og av desse er om lag 140 000 studentar.

Bustad

Utvekslingsstudentar kan søke på universitetet sine studentbustader, som ligg i kort avstand frå universitetet sin campus i Poznan.

Semesterinndeling

Oktober - februar og februar - juni.

Bygning i kveldsmørket
Foto/ill.:
© Adam Mickiewicz University

Informasjon