Hjem
Utdanning
erasmus+

Adam Mickiewicz University in Poznan og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+)

  • LandPolen
  • ByPoznan
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på bachelor- og masterprogramma i norsk som andrespråk/nordisk og andre studentar som ønsker å ta emne i norsk som andrespråk når dei er på utveksling.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i den perioden du er på utveksling. Studentar som går på eit bachelor- eller masterprogram i nordisk blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn det er plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i nordisk: Det passar best å reise på utveksling i fjerde, femte eller sjette semester av bachelorprogrammet. Vi anbefaler at du tar emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivå enn på 100-nivå.

Masterstudentar i nordisk: Det passar best å reise på utveksling i andre semester av masterprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med rettleiaren for studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng. Det er vanlegvis då det passar best å reise ut.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er polsk og engelsk.

Dersom du ikkje har nok engelskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Studentar som reiser ut gjennom denne avtalen kan ta lingvistikk og andre språkfaglege emne. 

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta emne som skal inngå i ei spesialisering i nordisk, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande nordiskemne ved UiB. Det er lettast å finne emne som kan innpassast på 200-nivå. Ver merksam på at dersom du skal ta emne på 200-nivå på utveksling, må du finne emne som har semesteroppgåve eller tilsvarande vurderingsform på (til saman) minimum 10 studiepoeng. Dersom du skal ta emne som frie studiepoeng i ein bachelorgrad, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Det er ein føresetnad at kursa ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Adam Mickiewicz University (AMU) opna i 1919, og ligg i byen Poznan. Det har fått namn etter den polske diktaren Mickiewicz, som ved sidan av Pusjkin blir rekna som den viktigaste slaviske diktaren. I dag har universitetet 14 fakultet, og over 50 000 studentar. I tillegg til Poznan, har AMU campusar i byane Gniezno, Kalisz, Pila og Slubice. Universitetet har ei arktisk forskingshytte på Svalbard med namn Skottehytta.

Poznan ligg ved elva Warta, midt mellom Berlin og Warszawa. Byen er eit sentrum for kultur og handel, og har mykje industri knytt til blant anna maskin- og elektroteknikk og tobakk. Elles er byen òg blant landets viktigaste universitetsbyar. Poznan har 550 000 innbyggarar og av desse er om lag 140 000 studentar.

Bustad

Utvekslingsstudentar kan søke på universitetet sine studentbustader, som ligg i kort avstand frå universitetet sin campus i Poznan.

Semesterinndeling

Oktober - februar og februar - juni.

Bygning i kveldsmørket
Foto/ill.:
© Adam Mickiewicz University

Informasjon