Hjem

Utdanning

erasmus+

Adam Mickiewicz University in Poznan og Institutt for geografi (ERASMUS+)

  • LandPolen
  • ByPoznan
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar som går på bachelor- og masterprogrammet i geografi. Andre interesserte studentar kan òg søke, men blir prioriterte etter geografistudentane dersom det er fleire søkarar enn ledige plassar. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise ut.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. For bachelorstudentar tilrår vi utveksling i 4. og/eller 5. semester, når du kan ta emne som frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er polsk og engelsk.

Kva emne kan eg ta

Emnetilbodet på engelsk for utvekslingsstudentar ved dette universitetet er presentert her: http://international.amu.edu.pl/amu-pie-short-courses2/amu-pie-short-courses

Undervisning ved fakultetet, Faculty of Geographical and Geological Sciences, skjer innanfor desse fagområda:

  • Naturgeografi
  • Miljøstudium
  • Landskapsplanlegging
  • Turisme
  • Geologi

Studentar som reiser gjennom denne avtalen må ta minst tre emne ved dette fakultetet. Utover dette kan kan studentane ta emne også ved andre fakultet.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor alle fagfeltet ved universitetet. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivå- eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen i 2. semester av masterprogrammet ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Adam Mickiewicz University (AMU) opna i 1919, og ligg i byen Poznan. Det har fått namn etter den polske diktaren Mickiewicz, som ved sidan av Pusjkin blir rekna som den viktigaste slaviske diktaren. I dag har universitetet 14 fakultet, og over 50 000 studentar. I tillegg til Poznan, har AMU campusar i byane Gniezno, Kalisz, Pila og Slubice. Universitetet har ei arktisk forskingshytte på Svalbard med namn Skottehytta.

Poznan ligg ved elva Warta, midt mellom Berlin og Warszawa. Byen er eit sentrum for kultur og handel, og har mykje industri knytt til blant anna maskin- og elektroteknikk og tobakk. Elles er byen òg blant landets viktigaste universitetsbyar. Poznan har 550 000 innbyggarar og av desse er om lag 140 000 studentar.

Bustad

Utvekslingsstudentar kan søke på universitetet sine studentbustader, som ligg i kort avstand frå universitetet sin campus i Poznan.

Semesterinndeling

Oktober - februar og februar - juni.

Bygning i kveldsmørket
Foto:
© Adam Mickiewicz University

Informasjon