Hjem
Utdanning
erasmus+

Nicholas Copernicus University in Torun og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandPolen
  • ByTorun
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap, og som på tidspunktet for utreise har fullført alle emna i studieplanen til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap kan reise på utveksling i sitt femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår og kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha fullført fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket ved vertsuniversitetet er i hovudsak polsk, men universitetet har òg eit avgrensa emnetilbod på engelsk.

Universitetet tilbyr språkkurs i polsk for internasjonale studentar.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. På universitetet sine nettsider finn du lenke til ei oversikt over juridiske emne som universitetet tilbyr.

Nicolaus Copernicus University nyttar ECTS-systemet, der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Nicolaus Copernicus University blei grunnlagt i 1945, i byen Torun. Det er kalla opp etter vitskapsmannen Nikolas Kopernikus, som blei fødd i byen i 1473. Universitetet er det største i Nord-Polen med 17 fakultet og 30 000 studentar. Universitetet er spreidd, men har hovudcampus i bydelen Bielany.

Torun ligg ved elva Wisla. Han har litt over 200 000 innbyggarar, og ligg 185 kilometer nordvest for Warszawa. Byen er kjent for sin vakre middelalderarkitektur og for bymurane som omgir han. Torun er òg kjend for peparkaker, som har blitt produserte i stort kvantum og god kvalitet her sidan middelalderen. Byen sitt peparkakemuseum er mellom dei best besøkte turistattraksjonane i byen.

Bustad

Universitetet har eigne studentbustader på campus der internasjonale studentar kan søke. Det er òg gode sjansar for å finne rimeleg prisa bustad privat i Torún.

Semesterinndeling

Oktober - februar og februar - juni.

Skilt på campus
Photo:
© Nicolaus Copernicus University

Informasjon