Hjem
Utdanning
erasmus+

University of Warsaw og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandPolen
  • ByWarszawa
  • Studieplassar3
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap, og som på tidspunktet for utreise har fullført alle emna i studieplanen til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap kan reise på utveksling i sitt femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår og kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha fullført fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket ved vertsuniversitetet er i hovudsak polsk, men universitetet har òg eit avgrensa emnetilbod på engelsk.

Universitetet krev dokumentasjon for tilstrekkelege språkkunnskapar i engelsk. For studentar frå UiB inneber dette at ein må ha karakteren 4 eller betre i engelsk frå vidaregåande skule.

Universitetet tilbyr språkkurs i polsk for internasjonale studentar.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. På universitetet sine nettsider finn du ein kursdatabase med oversikt over juridiske emne som universitetet tilbyr. Her kan du òg filtrere søket etter undervisningsspråk.

University of Warsaw nyttar ECTS-systemet, der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitetet blei grunnlagt i 1816, og er det største universitetet i Polen med rundt 57 000 studentar. I likskap med det meste av byen blei universitetet bomba til småstein under krigen, men det blei bygd opp att som ein tru kopi av det gamle universitetet i ettertid. Universitetet har ein brei fagleg profil, eit godt fagtilbod på engelsk, og tilbyr òg somme emne på fransk. Det har tre campusområde i ulike delar av Warszawa. Hovudcampusen ligg i sentrum av byen.

Warszawa er hovudstad i Polen og landets største by, med i underkant av to millionar innbyggarar. Av desse er 300 000 studentar. Byen ligg på begge sider av elva Wisla, på den masoviske sletta 78-121 moh. i det polske innlandet. Warszawa er eit viktig økonomisk knutepunkt i Aust-Europa. Opp gjennom historia har han blitt hardt råka av mange krigar, og han vart nesten totaløydelagd under andre verdskrig. Men ettersom han alltid har reist seg att, har byen fått tilnamnet Føniksbyen.

Bustad

Universitetet sitt internasjonale kontor har nokre studentbustader til disposisjon for utvekslingsstudentar. Det er i hovudsak snakk om dobbelrom som ein deler med ein annan student. Kapasiteten er avgrensa og tildeling skjer etter «førstemann til mølla»-prinsippet, så det lønner seg å søke tidleg.

Semesterinndeling

Oktober - februar og februar - juni.

Oversikt over byen
Foto:
© University of Warsaw

Informasjon