Hjem
Utdanning
erasmus+

Universität Duisburg-Essen og Institutt for fremmedspråk (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByEssen
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på bachelor- og masterprogrammet i tysk, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor tysk språk, kultur og litteratur. Det er krav om at du skal ha tatt minst 60 studiepoeng før avreise. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling.

Studentar på bachelor- og masterprogramma i tysk blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i tysk: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei siste fire semestera av bachelorprogrammet.

Masterstudentar i tysk: Det passar best å reise på utveksling i det andre semesteret av masterprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket er tysk.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå vertsuniversitetet sine nettsider for informasjon om kva kurstilbod som finst for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Duisburg-Essen (UDE) er eit offentleg breiddeuniversitet med rundt 40 000 studentar og 12 fakultet. Det blei grunnlagt i si noverande form gjennom ein fusjon mellom Universität Essen og Gerhard Mercator-Universität Duisburg i 2003. I 2007 gjekk UDE saman med to andre universitetet om å grunnlegge Universitätsallianz Ruhr, inspirert av University of California-systemet.

Universitetet sine to campusar ligg i Duisburg og Essen, to relativt like industri- og universitetsbyar i Ruhrdistriktet, med litt over ein halv million innbyggarar kvar. Særskilt i Duisburg spelar stadig stål, jarn og industri ei viktig rolle. Meir enn halvparten av Tyskland sitt råjarn blir produsert her. Essen har gått noko lengre i dreiinga frå tungindustri til utdanning, kultur og eit meir variert næringsliv.

Bustad

Studentbustadane i Duisburg og Essen blir drifta av den lokale studentsamskipnaden Studentenwerk. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i desse byane.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Grøn campus
Foto/ill.:
© Uni Duisburg-Essen

Informasjon