Hjem

Utdanning

erasmus+

Universität Duisburg-Essen og Institutt for filosofi og førstesemesterstudier (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByEssen
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogrammet i filosofi ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium (FOF). Andre studentar som ønsker å ta filosofiemne når dei er på utveksling kan også søke, men blir prioriterte etter filosofistudentane dersom det er fleire søkarar enn plassar.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i filosofi: Det passar best å reise på utveksling i fjerde, femte eller sjette semester av bachelorprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Ta kontakt med studierettleiaren for programmet du går på. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Vi anbefaler at du tar emne på 200-nivå, då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivå enn på 100-nivå.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden ved UiB.  

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Meir informasjon om emnetilbodet finn du her: https://www.uni-due.de/en/

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Duisburg-Essen (UDE) er eit offentleg breiddeuniversitet med rundt 40 000 studentar og 12 fakultet. Det blei grunnlagt i si noverande form gjennom ein fusjon mellom Universität Essen og Gerhard Mercator-Universität Duisburg i 2003. I 2007 gjekk UDE saman med to andre universitetet om å grunnlegge Universitätsallianz Ruhr, inspirert av University of California-systemet.

Universitetet sine to campusar ligg i Duisburg og Essen, to relativt like industri- og universitetsbyar i Ruhrdistriktet, med litt over ein halv million innbyggarar kvar. Særskilt i Duisburg spelar stadig stål, jarn og industri ei viktig rolle. Meir enn halvparten av Tyskland sitt råjarn blir produsert her. Essen har gått noko lengre i dreiinga frå tungindustri til utdanning, kultur og eit meir variert næringsliv.

Bustad

Studentbustadane i Duisburg og Essen blir drifta av den lokale studentsamskipnaden Studentenwerk. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i desse byane.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Grøn campus
Foto:
© Uni Duisburg-Essen

Informasjon