Hjem

Utdanning

erasmus+

Universität Duisburg-Essen og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByEssen
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Institutt for samanliknande politikk har fortrinn på plassane. Søkarar frå andre fagområde blir vurderte om det er ledige plassar.

Søkaren må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

Det er mogeleg å søke for eit halvt år (oppstart vår) eller eit heilt år (oppstart haust). Normalt reiser ein ut mellom tredje og sjette semester.

Kva emne kan eg ta

Ved Institute of Political Science kan du studere samanliknande politikk, internasjonal politikk og offentlig administrasjon. Dei fleste emna vert tilbydd ved campus Duisburg, men du kan og ta emne ved campus Essen eller på universitetet i Bochum gjennom University Alliance Ruhr.

denne nettsida finn du informasjon om studietilbod. Duisburg-Essen tilbyr fleire mastergrader på engelsk, MA Development and Governance og MA Contemporary East Asian Studies.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Emna er normalt 3 til 6 ECTS avhengig av kva form for emne du vel. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Duisburg-Essen (UDE) er eit offentleg breiddeuniversitet med rundt 40 000 studentar og 12 fakultet. Det blei grunnlagt i si noverande form gjennom ein fusjon mellom Universität Essen og Gerhard Mercator-Universität Duisburg i 2003. I 2007 gjekk UDE saman med to andre universitetet om å grunnlegge Universitätsallianz Ruhr, inspirert av University of California-systemet.

Universitetet sine to campusar ligg i Duisburg og Essen, to relativt like industri- og universitetsbyar i Ruhrdistriktet, med litt over ein halv million innbyggarar kvar. Særskilt i Duisburg spelar stadig stål, jarn og industri ei viktig rolle. Meir enn halvparten av Tyskland sitt råjarn blir produsert her. Essen har gått noko lengre i dreiinga frå tungindustri til utdanning, kultur og eit meir variert næringsliv.

Bustad

Studentbustadane i Duisburg og Essen blir drifta av den lokale studentsamskipnaden Studentenwerk. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i desse byane.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Informasjon