Hjem
Studentsider
erasmus+

Ecole nationale supérieure de Chimie de Montpellier og Kjemisk institutt (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByMontpellier
  • Studieplassar1
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på bachelorprogrammet i kjemi.

Når i studiet kan eg reise

Etter at ein har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng kan ein tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. God planlegging er viktig for ei utbyterik utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er gjort greie for i emneskildringane. Det er naudsynt med gode kunnskapar i fransk for å følge undervisning i emne som berre har fransk som undervisningsspråk. Vi anbefaler at du vel emne som har engelsk som undervisningsspråk. Det er fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Les meir om krav til forkunnskapar i språk på universitetet si heimeside: http://www.enscm.fr/en/international/arrival

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå lærtestaden sine nettsider for informasjon om eventuelle kurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Ver merksam på at det er obligatoriske emne i andre og tredje studieår av bachelorprogrammet i kjemi som må dekkast inn under utvekslingsopphaldet. Det er derfor naudsynt å finne emne som kan erstatte spesifikke emne ved UiB. Det er viktig å vere i kontakt med studierettleiar for å få vurdert om emne du ønsker å ta kan erstatte dei obligatoriske emna i bachelorstudiet i kjemi. Ta tidleg kontakt med studierettleiar på e-post når du skal planlegge utvekslingsopphaldet ditt. kontaktadressa er studierettleiar@kjemi.uib.no.

Du kan òg velje emne som skal inngå som frie studiepoeng i bachelorgraden. Da kan du velje fritt mellom emna universitetet tilbyr. Emna kan ikkje overlappe med emne du har tatt før, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Ver merksam på eventuelle krav til faglege forkunnskapar for dei enkelte emna.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

École Nationale Supérieure de Chimie de Montpellier (ENSCM) blei grunnlagt i 1889, og er ein fransk eliteskule for forsking og utdanning innan kjemiske fag. Skulen har berre om lag 360 studentar, og samarbeider nært med Université Montpellier 2. Særskilt viktige forskingsfelt for institusjonen er makromolekylær kjemi og arbeid med nye materiale.

Montpellier ligg i regionen Languedoc-Roussillon, sør i Frankrike. Byen ligg på ein åskam mellom to elvar om lag 10 kilometer inn frå kysten. Om lag ein femtedel av byens 500 000 innbyggarar er studentar. Den enklaste måten å kome seg rundt i Montpellier på, er å ta trikken.

Bustad

ENSCM tilbyr bustader nær campus for tilreisande utvekslingsstudentar. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad gjennom Caisse d'allocations familiales (CAF). Det kan vere vanskeleg å finne bustad på den private marknaden i Montpellier rundt semesterstart.

Semesterinndeling

September - januar og februar - mai/juni.

Informasjon