Hjem
Utdanning
erasmus+

Yeditepe University og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyrkia
  • ByIstanbul
  • Studieplassar3
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap, og som på tidspunktet for utreise har fullført alle emna i studieplanen til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap kan reise på utveksling i sitt femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår og kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha fullført fjerde studieår før utreise.

Språk

Emne som omhandlar tyrkisk rett har tyrkisk som undervisningsspråk, men universitetet har òg ei rekke meir internasjonalt orienterte emne som blir underviste i på engelsk. Det er nok emne som har engelsk som undervisningsspråk til at du kan fylle eit heilt semester. Det er altså ikkje nødvendig å kunne tyrkisk for å utveksle til Yeditepe University.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Her finn du ei oversikt over emne med engelsk som undervisningsspråk.

Yeditepe University nyttar ECTS-systemet, der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Yeditepe University blei grunnlagt av ein stiftelse i 1996 med formål om å utdanne unge, opplyste individ med ideal om framgong, kreativitet og sekularitet, inspirert av nasjonalhelten Atatürk sine prinsipp. Det har over 17 000 studentar og ligg i den asiatiske delen av Istanbul. Universitetet er samla i Kayisdagi, med unntak av fakultetet for odontologi og universitetetssjukehuset, som ligg andre stader i byen.

Istanbul er den femte største byen i verda, med nær 14,5 millionar innbyggarar. Denne byen, som lenge også var kjend som Konstantinopel, har spela ei særs viktig historisk rolle. Blant anna har han vore hovudsete for fire store imperium: Romarriket, Austromarriket, Det latinske riket og Det osmanske riket. Byen ligg nordvest i Tyrkia, på begge sider av Bosporos, som skil Europa og Asia.

Bustad

Universitetet anbefaler at internasjonale studentar bur på campus. Ein kan søke om studentbustad her via universitetet sitt internasjonale kontor.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Oversikt over campus
Photo:
© Yeditepe University

Informasjon