Hjem

Utdanning

erasmus+

Friedrich-Schiller-Universität Jena og Institutt for biovitenskap (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByJena
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Du må gå på eit bachelor- eller masterstudium ved Institutt for biologi når du søker. Du må ha bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Opptaket på studiet må vere gyldig i heile utvekslingsperioden.

Studiet må vere fagleg førehandsgodkjent som ein del av utdanningsplanen din ved UiB før du reiser ut.

Du må vere semesterregistrert ved UiB og betale semesteravgift også i utvekslingsperioden

Kva emne kan eg ta

Valgemner innenfor fagfeltetavtalen gjelder for. Dersom du vil ta obligatoriske emner må disse godkjennes av programkoordinator.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Freidrich-Schiller-Universität Jena er eit offentleg breiddeuniversitet med ti fakultet og rundt 22 000 studentar. Universitetet er kjent for å ha danna eit akademisk knutepunkt for den tyske romantikken og er stolt av den litterære arva si, blant anna av Friedrich Schiller. Universitetet sine bygningar ligg stort sett inne i sentrumskjernen. Det er tradisjon for at fri tilgang til det kollektive transportsystemet er inkludert i semesteravgifta.

Jena ligg i Thüringen, i det gamle Øst-Tyskland, om lag 2,5 timars køyretur unna Berlin. Jena var tidlegare kjend for optisk industri. I dag er universitetet blant dei viktigaste arbeidsgivarane her, og rundt ein fjerdedel av dei 110 000 innbyggarane er studentar.

Bustad

Det finst fleire studentbustader i Jena. Dei fleste ligg litt utanfor sentrum, men er lett tilgjengelege med kollektivtransport. Bustadane er i hovudsak drifta av den lokale studentsamskipnaden. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Jena.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

By
Foto:
© Friedrich-Schiller-Universität Jena

Informasjon